NRK Meny
Normal

Sende Florø til himmels. Så blei han utvist for feiringa

FLORØ (NRK): – Eg beklagar overfor fansen. Det er min feil at vi tapte kampen, seier Monir Benmoussa.

florø

I LEIINGA: Like etter at Monir Benmoussa scora mot Bode/Glimt og sende Florø i leiinga, blei han sendt av bana med to gule kort.

Foto: Thomas Brakstad

Laster innhold, vennligst vent..

Situasjonen Benmoussa siktar til skjedde etter 63 minutt av kampen. Rashad Muhammed vart lagt i bakken og dommar Anders Gjermshus peikte på straffemerket. Straffa vart sett i det venstre hjørnet, medan Bodø/Glimt-keeper Ricardo kasta seg til høgre.

Publikum og Florø-spelarane jubla ellevilt, men 30 sekund etter scoringa var Benmoussa utvist med sitt andre gule kort for dagen.

Vart provosert

Monir Benmoussa - Florø

FRUSTRERT: Her har Monir Benmoussa akkurat fått sitt andre gule kort for ei usportsleg feiring.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Ein trøysteslaus Benmoussa gjekk av bana og klarte ikkje å halde tårene tilbake. I pressesona etter kampen var det ein skuffa og lei seg Benmoussa som svara på spørsmål.

– Keeperen provoserte meg i forkant av straffa og prøvde å psyka meg ut. Det klarte han ikkje og eg sette ballen i mål, seier Benmoussa.

Etter scoringa ropte han nokre velvalde ord til gjestane sin keeper, før han jubla framfor han. Dommar Anders Gjermshus drog fram det gule kortet og Benmoussa vart utvist.

– Kvifor i helsike skal han bli provosert der? Det er fordi det er ein svak dommar som ikkje tar tak i det som skjer i forkant, situasjonen oppstår grunna ein svak dommar, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Han var rasande etter kampen og meinte dommaren burde latt situasjonen gå, utan å gje kort.

– Han scora mål på straffe, og sprang bort til keeperen for å feire opp i ansiktet på keeper. Det er usportsleg. Difor fekk han nok eit gult kort, seier dommar Anders Gjermshus, som føler seg trygg på at han gjorde rett i å visa ut Benmoussa.

Florø-Bodø/Glimt - Monir Benmoussa

KNUST: Monir Benmoussa var sønderknust etter å ha blitt utvist.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Snudde kampen

Rett etter utvisinga reduserte Kristian Fardal Opseth for Bodø/Glimt, før Trond Olsen fastsette resultatet til 2–1, åtte minutt før slutt.

– Eg hadde håpa at vi hadde fått litt betre tak på dei, for rett før og etter pause var Florø vel så farlege som oss, seier Bodø/Glimt-trenar Aasmund Bjørkan.

For før utvisinga og 1–0-målet var det Florø som styrte kampen mot topplaget Bodø/Glimt, men dei klarte ikkje å sette sjansane sine.

Laster innhold, vennligst vent..
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser