NRK Meny
Normal

Fleire tusen må forlate festivalområde grunna stormen

Fleire tusen menneske har blitt nøydd til å forlate festivalområdet på Målrock i Årdal, og resten av festivalen er avlyst på grunn av stormen "Lena".

Evakuerer Målrock

TØMMER FESTIVAL: Fleire tusen menneske har blitt fjerna frå festivalområdet i Meieriparken på Årdalstangen.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Vi har fått beskjed om at vinden er årsaka, og dei er no i ferd med å tømme heile festivalområdet, fortel NRK-journalist Arve Uglum, som ger gjest på festivalen.

Ved 23-tida laurdag kveld var vinden i ferd med å ta seg opp også i Sogn og Fjordane. Send oss gjerne tips, bilete eller video av uveret.

Tidlegare laurdag ettermiddag gjekk politiet ut med ei åtvaring om at ekstremveret Lena ville slå inn over Sogn og Fjordane seint laurdag kveld.

– Det er å halde seg heime og ikkje reise ut på tur. Folk bør tjore fast det som er lausgods, hagemøblar og anna som kan bli teke av vinden. Båtar, campingvogner og liknande, sa operasjonsleiar i politiet, Synnøve Domben til NRK.

Vi tek gjerne imot dine bilete, videoar eller tips frå den varsla stormen. Men hugs at du aldri må utsetje deg sjølv eller andre for fare for å sikre deg eit blinkskot!

Du kan sende bilete, tips eller videoar til sf@nrk.no, SF til 1987 eller du kan merke bileta dine i sosiale medier med #nrksf


Bilete frå Instagram folk har merka med #nrksf:

Laster innhold, vennligst vent..

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.