Påska er høgtid, også for bilete! Difor inviterer NRK Sogn og Fjordane no alle til å sende inn sine påskebilete. Tenk gjerne litt utanfor boksen, ver kreativ og ta gjerne bilete av noko anna enn ei appelsin i solveggen.
Her er nokre enkle tips til korleis du kan ta betre bilete:
- Gå nærare det du skal ta bilete av
- Ikkje ta bilete mot sola
- Ta bilete av noko anna enn maten du har med deg
(Eva Rake har teke biletet over)
Det er fleire måtar du kan dele dine påskebilete med oss:
- Instagram – merk bileta med emneknaggen #NRKSF og ta gjerne med kvar biletet er teke. Då kjem du med på biletkartet vårt
- Send bilde som MMS med kodeord SF til 1987
- Send oss bilete via Facebook-sida vår
- Bruk epost sf@nrk.no