Hopp til innhold

Del dine laksebilete med oss

Laksesesongen er i gang i mange elvar. I Eidselva er to ruggar på 13 og 16 kilo tekne allereie, og på bilete under seg du ein fin laks frå Flekkeelva.

Laks

HAREFOSSEN: Instagrambrukaren som har delt dette biletet med oss har fanga denne fine laksen ved Harefossen i Flekkeelva.

Foto: hjhuseklepp (instagram)

– Det var kaldt, men ein veldig fin start. Han var blank og fin, kan ikkje ha vore mange dagar i elva, seier Håkon J. Huseklepp, som har delt sin første laks frå Flekkeelva med NRK på Instagram.

For sin eigen del, er Huseklepp allereie nøgd med årets sesong: Fisken på 6,6 kilo er akkurat den røykelaksen han ønskte seg. Til saman er det teke rundt 20 laks i Flekkeelva første natta, og det er Huseklepp strålande nøgd med.

– Det er veldig bra. Det er god vassføring i år. I fjor var det 4,5 kubikk i sekundet første dagen, i år har vi 24 kubikk.

Dersom du vil gjere som Huseklepp, og dele bilete med oss, kan du merke bileta dine på Instagram med #nrksf og dei vil hamne i kartet og galleriet lenger nede. Dersom fiske ikkje er di greie, håpar du vil dele andre fine opplevingar med oss.

Også i Eidselva har starten vore god, der to laksar på 13 og 16 kilo vart landa i morgontimane.

Finn Berg
Foto: Harald Kolseth / NRK

Du kan dele bileta dine med oss på fleire måtar.

  • Instagram – merk bileta med emneknaggen #nrksf og ta gjerne med kvar biletet er teke. Då kjem du med på biletkartet vårt
  • Send bilde som MMS med kodeord SF til 1987
  • Send oss bilete via Facebook-sida vår
  • Bruk epost sf@nrk.no
Instagram Sogn og Fjordane
Laster innhold, vennligst vent..