Hopp til innhold

Her får «Nøtteliten» ein skikkeleg smask

Mammaen til Malin (6) var klar over at jentungen hadde teke bilete av ekorn - men først mange timar etter skjønte ho at det var eit skikkeleg blinkskot.

To ekorn kyssar i eit tre

«NUSSING» I TREET: Ekorna sprang opp og ned i treet, men det blei også til ein liten pause.

Foto: Malin Fristad Hop

Nøtteliten bur i toppen av eit tre, song Alf Prøysen. Og det er jo stort sett der ekorn, eller trebjørnar, som dei vert kalla i indre Sogn, held seg. Kjappe og leikne er dei søte å sjå på, men ikkje alltid like lette å få teke bilete av.

Men nokon gonger går det, slik som her.

– Eg og dottera mi Malin var på veg opp Engjadalsvegen i Gaupne då vi trefte på nokre kjentsfolk som vi vart ståande å prate med, fortel Janne Kristin Fristad Hop.

Medan dei vaksne prata, la 6-åringen merke til to andre, kanskje vel så interessante typar, som var i full gang med leik og moro i eit bjørketre. Den sjansen let ikkje ho gå frå seg.

Vart skikkeleg stolt

– Malin tok telefonen og gjekk bort til ekorna. Ho klarte å ta nokre bilete medan dei to dyra fór opp og ned i trea, fortel Hop.

Men det var først om kvelden, då dei var heime att, at Janne Kristin såg på bileta.

– Det var nokre skikkelege blinkskot. Eg visste at Malin hadde teke bilete av ekorn, men ikkje at dei var så gode, seier Hop.

– Kva tykkjer dottera di?

– Ho er skikkeleg stolt over bileta ho har teke, seier Hop.

Har du eit flott bilete du vil dele med oss?

Det er meldt fint ver både torsdag og fredag i Sogn og Fjordane, medan helga er litt meir variabel, ifølgje yr.no. Men uansett om du er ute eller inn, i hagen eller på fjelltur, send gjerne inn dine blinkskot til oss.

Det kan du gjere via sms til 1987 med kodeord sf, Instagram merka med #nrksf eller på e-post sf@nrk.no.

Sjå alle dei flotte bileta som er merka med #nrksf:

Laster innhold, vennligst vent..