NRK Meny
Normal

Send inn din beste kortfilm!

Er du ung og lagar film? Då bør du sende den inn til Sogndal Filmfestival! Vinn du Publikumsprisen, stikk du av med eit flott kamera.

Sogndal Filmfestival

FESTIVALGRUPPE: Denne gjengen står bak årets filmfestival i Sogndal. No håper dei du vil sende inn din film.

Foto: Sogndal Filmfestival

Dette er niande året 3. klasse ved Sogndal vidaregåande skule arrangerer filmfestival. Festivalsjef May-Tone Feten Høyheim oppmodar alle mellom 13 og 25 år om å sende inn sin film.

– Vi ønskjer at unge filmskaparar sender inn filmane sine. Vi håpar mange vil vere med på festivalen og vi tek imot alle filmar, sjølv om filmskaparen kanskje ikkje er 100 % fornøgd med alt, seier ho.

Får vise fram talentet sitt

May-Tone Feten Høyheim og Eva Finden

STYRER FESTIVALEN: Festivalsjef May-Tone Feten Høyheim og PR-sjef Eva Finden gler seg til filmfestivalen i mars.

Foto: Sogndal Filmfestival

Sogndal Filmfestival blir arrangert 31. mars og 1. april i Sogndal Kulturhus. Festivalen er ein unik moglegheit for ungdom frå Sogn og Fjordane og Hordaland til å vise fram talentet sitt innan film.

Det blir spennande foredrag og mykje underhaldning i løpet av desse to dagane festivalen varer. 31. mars blir det gallakveld med utdeling av prisar og 1. april vert det ein fagdag med føredrag frå forskjellige føredragshaldarar.

Frist: 3. mars

No jobbar filmfestival-gjengen med å få til eit så bra arrangement som mogleg. I fjor kom det inn over 70 filmar til filmfestivalen i Sogn. I år er målet å få endå fleire.

– Vi ønskjer sjølvsagt å slå rekorden som var i fjor, seier ho.

Fristen for innsending av filmen er utsett til 10. mars. (Sjå faktaboks for fleire opplysningar)

Publikumsprisen

Kategoriane i år er:

  • Juniorpris – 13–16 år, altså kan ungdomsskuleklassar delta her
  • Beste animasjon
  • Beste dokumentar
  • Beste regi og manus
  • Beste etterarbeid
  • Beste fiksjon
  • Seniorprisen – Alderen 20–25 år
  • Sportsprisen
  • Fagjuryprisen/Sparebanken Vest-prisen
  • Publikumsprisen

Nettlesarane til NRK Sogn og Fjordane kan vere med å avgjere kven som får Publikumsprisen. Premien er eit speilreflekskamera til ein verdi av 8000 kroner.

NB! Filmane i kategorien Publikumsprisen kan ikkje ha musikk det er knytt rettar til. Her må du anten lage musikken sjølv eller få løyve til å bruke musikken. Vêr merksam på at videoen og musikken kan publisert på NRK.no. Det går også an å bruke musikk som ikkje har rettar knytt til seg. NRK Urørt har musikk som det går an å bruke, berre hugs å kreditere artisten.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser