Tidlegare fylkeskulturdirektør Lidvin Osland vil plassere ei slik samling i Førde. Sjå - Astrup bør til Førde .
Lokaliseringa underordna
At Osland tar til orde for å leggje ei nasjonal Astrup-samling til Førde, uroar ikkje leiaren av Astruptunet i Jølster. For ho støttar tanken om å hente samlinga heim til fylket, og meiner dette bør vere hovudprioriteten framfor å diskutere kvar samlinga skal lokaliserast.
Stor draum
– Det har vore ein stor draum å få samlinga til Sogn og Fjordane, seier Lofnes. Tidlegare har ho tenkt Astruptunet som stad for ei slik samling, men no er ho open for å tenkje Sogn og Fjordane kunstmuseum, som Astruptunet er ein del av.
Ho meiner det er naturleg at Sogn og Fjordane kunstmuseum i tilfelle lagar utstillingar som skal henge på Astruptunet.
- Eg kan ikkje sjå anna enn at dette uansett vil vere ei styrking også av Astruptunet, seier Lofnes.