Hopp til innhold

Fjellovergangen kan likevel bli utbetra

Det er lagt inn merknad om Riksveg 15 over Strynefjellet i Nasjonal transportplan. Då regjeringa la fram sitt forslag tidlegare i vår, var Strynefjellsvegen heilt ute.

Strynefjellet

INNE I NTP IGJEN: Vegen over Strynefjellet var ute av Nasjonal Transportplan, men er no inne att med ein merknad.

Foto: Statens vegvesen

Transport- og kommunikasjonskommiteen legg fram si innstilling i Nasjonal transportplan for Stortinget i dag.

Sven Flo

HAR TRUA: – Eg er ganske sikker på at dette blir realisert når NTP skal rullerast neste gong, seier ordførar Sven Flo (H).

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

På bakgrunn av «grundige og gode» innspel frå tre fylkeskommunar, regionråd, kommunar og brukarane tek regjeringspartia Høgre og Frp, samt støttepartia Venstre og KrF, inn att ein merknad om Strynefjellet.

– Det er fantastisk gledeleg. Dette er ein veg mange er opptekne av. Det har blitt jobba kraftfullt for å få vegen inn att, seier ordførar i Stryn, Sven Flo (H).

– Avgjerande

Tore Storehaug i Sogn og Fjordane KrF

KRF: – Dette har vore eit av prosjekta som har vore viktige for oss. Det er trong for tiltak over Strynefjellet, spesielt sidan det handlar om å kople næringslivet i Nordfjord og Sunnmøre nærare marknadane, seier stortingskandidat Tore Storehaug (KrF).

Foto: Espen Breivik / NRK

I ei pressemelding skriv Høgre, Venstre, Frp og KrF, at opprusting er avgjerande for å gje vinter- og rassikker veg.

Fleirtalet skriv i merknaden til NTP at forholda på vegen er langt under det ein kan vente for ein viktig fjellovergang. Dei meiner trasé B1 er den beste løsyinga, noko som inneber ein lang tunnel med mogleg fylkesvegarm til Geiranger.

Sveinung Rotevatn på talarstol

FAST BILIST: – Eg er glad for at vi har funne fram til offensive formuleringar i Stortinget, som peikar ut vegen framover – for eit viktig prosjekt for heile Nordvestlandet, seier stortingskandidat Sveinung Rotevatn (V).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi ønskjer ein rask konklusjon for strekningen, slik at prosjektet er aktuelt for neste rullering av Nasjonal transportplan.

Trur på utbetring

I Stryn trur ordførar Flo at fjellovergangen no blir utbetra.

– Dette er eit av dei vegprosjekta det er minst strid om. Det ei felles oppfatning om at vegen må oppgraderast med ny tunnel. Slik vegen er i dag, stettar den ikkje framtidas krav til tryggleik. Det er også ei stor grad av ras i området.

– Skubbar vegen framfor seg

Aleksander Øren Heen

KRITISK: Politisk rådgjevar for Senterpartiet, Aleksander Heen, seier det er å overdrive å seie at vegen er inne igjen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Politisk rådgjevar for Senterpartiet, Aleksander Øren Heen meiner at merknaden ikkje forpliktar.

– Dei vil skubbe dette framfor seg og ta stilling i neste nasjonale transportplan.

Han seier Sp har prioritert prosjektet med pengar og at det er meir forpliktande enn det fleirtalspartia no prøver å gje inntrykk av.

– Ordføraren i Stryn er glad og trur vegen blir prioritert. Det trur ikkje du?

– Nei, eg veit kva som står i innstillinga. Det er at dei vil ha prosjektet aktuelt for neste rullering av transportplanen, altså om fire år, seier han.

Krev ras- og vintersikker veg

Smilande Frida Melvær

HØGRE: Stortingskandidat Frida Melvær (H).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Stortingskandidatane til dei fire partia frå Sogn og Fjordane, er alle glade for merknaden om vegen.

Frida Melvær (H) seier riksvegen over Strynefjellet er ein svært viktig eksportveg austover for næringslivet for store delar av Nordvestlandet.

– Vegen er rasfarleg og har alt for dårleg standard. Eg er glad for at merknaden peikar på at trase B1 er den løysinga som gjev best måloppnåing, og at ein ønskjer ein rask konklusjon for å komme vidare med planlegginga.

Britt Dalsbotten

FRP: Stortingskandidat Britt Dalsbotten

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Britt Dalsbotten (Frp) seier tunnelane ikkje lever opp til kommande forskrift for tunneltryggleik.

– Vegen må også bli vintersikker sidan det er ein føresetnad for næringar med krav til tid og effektivitet.