NRK Meny
Normal

Semitrailer med gass har køyrt av vegen

Ein person til sjukehus etter ein semitrailer køyrde av vegen på Kyrkjebø i Høyanger. Det skal ikkje vere fare for eksplosjon.

Trailer av vegen i Høyanger

AV VEGEN: Semitraileren ligg av vegen og er ikkje til hinder for trafikken.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Ein person skal ha vore i bilen som køyrde av ved Håland på fylkesveg 55. Føraren av traileren er sendt til Førde sentralsjukehus med ambulanse. Vedkommande skal ha vore vaken.

Vogntog med gass køyrde utfor

GRØFT: Traileren hamna i grøfta. Brannvesen skal passe på at det ikkje skjer noko med lasta.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Føraren stod fram relativt uskadd slik vi oppfatta det, seier lensmann Kåre Jan Hofrenning i Høyanger.

Politiet ryddar det dei kan, men bilen kan bli verande der ei stund. Ein annan bil må komme for å ta over lasta på semitraileren.

– Vi ventar på nokon som kan komme for å tømme lasta på bilen. Firmaet som er ansvarleg blir sett i gang med dette arbeidet, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg i politiet.

ulukke høyanger

UT PÅ KANTEN: Lensmannen i Høyanger seier sjåføren truleg kom for langt ut på kanten og mista kontrollen over køyretøyet.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Traileren var lasta med argon-gass, og Solvåg håpar bilen blir fjerna innan midnatt i natt. Gassen skal ikkje vere eksplosjonsfarleg.

– Det vi veit er at den er komme utfor kanten og har ikkje greidd å rette opp igjen, seier Hofrenning.

Brannvesenet skal halde vakt på staden fram til bilen er vekke, men det skal ikkje vere fare for eksplosjon.

– Vi har fått beskjed om at det ikkje er lekkasje, og det skal ikkje vere farleg, men det betyr ikkje at folk skal oppsøke staden, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg i politiet.

Det har vore dirigering på staden, men vegen blir no opna for fri ferdsle.

– Vi treng hjelp av bilberging, og då vil vi truleg bli nøydd til å stenge vegen i eit tidsrom, seier han.

Laster kart, vennligst vent...

HÅLAND: På fylkesveg 55 ved Håland i Høyanger skjedde ulukka.