NRK Meny
Normal

Trur sjåføren sovna - semitrailer small i fjellvegg

Ein utanlandsk semitrailer på veg i retning Måløy på riksveg 15 hamna i morgontimane i fjellveggen ved Reksnes. Mannen er no fråteken førarkortet, då politiet mistenkjer at han sovna ved rattet.

I grøfta

I GRØFTA: Semitraileren stod godt uti grøfta.

Foto: NRK-tipsar

– Eg kan stadfeste at sjåføren er fråteken førarkortet. Vi har mistanke om at mannen har sovna. Mannen vert avhøyrt i dag, seier Ole Tom Nord ved Eid lensmannskontor.

Semitraileren stod godt uti grøfta tidleg onsdag morgon, og trengde hjelp for å komme seg derifrå.

– Han stod godt fast, ja, fortel ein NRK-tipsar, som passerte staden i 06-tida.

Det var grei passasje på staden, då traileren står godt uti grøfta på si side.

Ikkje meldt om personskade

Vogntoget var på veg i retning Måløy då uhellet skjedde.

Politiet opplyser at det ikkje er meldt om personskade.

Bilbergar var på staden i 07-tida, og vegen var delvis stengd medan bilberging gjekk føre seg.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote