Hopp til innhold

Semifinalen glapp på poeng

Geir Eithun og sandvolleyballmakker Iver Horrem vart nummeret for små i World Cup Final i Brasil.

Horrem og Eithun

UTE: Iver Horrem (t.v.) og Geir Eithun vart nummer fire i puljespelet i World Cup Final i Brasil.

Foto: Andersen, Aleksander / NTB scanpix

Duoen vann to kampar og tapte to. Med tre lag på seks poeng, var det poengskilnaden som avgjorde kven som gjekk vidare til semifinalane.

Tyskarane Jonathan Erdmann og Kay Matysik var det lite å gjere med. Dei vann alle sine kampar i pulja.

– Når det gjekk som det gjekk, så er det USA-kampen vi ser på. Då var vi dårlege og det er nok der vi mista semifinalen. Ein ting er å tape, men vi burde hatt fleire spelpoeng. Hadde vi vunne 12–15 ballar til, så trur eg nok vi hadde klart semifinaleplass, seier Geir Eithun frå Førde.

Er skuffa

I ei pulje der alle slo alle, utan om Tyskland, vann Norge annankvar kamp. Eithun/Horrem opna turneringa i Sao Paulo med tap for Tyskland. Deretter vart det siger over Sør-Afrika, før amerikanarane fekk Eithun og makker Iver Horrem ned att på jorda.

Turneringa avslutta duoen med å slå Canada 2–0. Amerikanarane sigra elles over Latvia i sin semifinale laurdag.

– Når ein er så nærme å gå vidare, så blir ein skuffa. Vi vinn nok kampar, men ryk på poengskilnad.

– Steg i rett retning

Duoen kom rett frå Argentina, der dei ikkje kom seg vidare frå puljespelet i verdsserien.

I Brasil, som var ei avslutning på OL-kvalifiseringa som Eithun og Horrem vann i fjor , hadde dei von om ein plass blant dei fire laga i semifinalane.

– For vår del tok vi ein del steg i rett retning. Vi spelte mot gode kampar, og to av laga i vår pulje (USA og Tyskland, red. anm.) er blant dei beste laga i verda. Vi visste det ville bli vanskeleg, seier Eithun.

På reisefot sidan januar

Når NRK.no snakkar med Eithun er han på veg til flyplassen for å nå flyet heim til Norge.

Sidan januar meiner duoen å berre hatt eitt par veker i gamlelandet. Det er medaljens bakside med å vere norsk sandvolleyballspelar vinterstid.

– Då må du ut for å få trent skikkeleg. Siste tida har vi vore i Kina, Sør-Afrika, Tenerife, Sør-Amerika. Det blir mykje tidssoner og reising, og det kjenner vi litt på no, seier Eithun.

VM i juli

Men det blir ikkje lenge dei får vere heime. Allereie neste tysdag ventar kvalifiseringsspel i verdsserien i Haag og så Roma etter det. Deretter går det slag i slag med turneringar til slutten av august.

– Heldigvis blir det for det meste i Europa, men neste delmål er VM i Polen første veka i juli. Der har vi håp om å ende på øvre halvdel, seier sunnfjordingen.

– Med tanke på kor de har hevda dykk no, så er vel ikkje det umogeleg?

– Vi slår lag som er der oppe, men vi må gjere det i akkurat den turneringa. Så no blir det fint å få roe ned litt og bruke tida godt framover mot VM.