Hopp til innhold

Selte laks for 1,2 milliardar

Lakseeksportøren Norwell i Florø har dobla innteninga frå 2012 til 2013. Med eit resultat på 31 millionar kroner før skatt, vart 2013 eit merkeår.

Laks i merd

1,2 MILLIARDAR: Lakseeksportøren Norwell i Florø omsette i fjor laks for 1,2 milliardar kroner.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Det er iLaks.no som skriv om det gode resultatet til eksportfirmaet på Fugleskjærskaia i Florø.

– Vi er svært godt nøgde med resultatet. Vi har hatt ein fin vekst dei siste åra, både på omsetnad og inntening, seier dagleg leiar Ingrid Kassen til NRK.no.

Norwell kan gle seg over ein omsetnad på 1,2 milliard kroner i 2013, ein klar oppgang frå 2012 då omsetnaden bikka 800 millionar kroner.

– Vi hadde i fjor rekordomsetnad og eit rekordresultat, og det er klart vi er veldig godt nøgde med det, seier Kassen.

Ho meiner det er vanskeleg å peike på enkeltårsaker til firmaet sin suksess, men rosar organisasjonen.

– Vi jobbar jamt og trutt, og har flinke folk som kan sine ting. Vi byggjer stein på stein, både for å utvikle oss vidare og bli betre, men samtidig halde på kompetansen og dei teknikkane som gjer at vi tener pengar, seier den daglege leiaren til NRK.no.

Dei gode resultata i fjor vart også godt hjelpte av høge lakseprisar, men Kassen seier dei eksporterer stadig meir fisk. I løpet av dei to siste åra har volumet fisk som blir eksportert auka med 40 prosent.

Aksjonærane i selskapet haustar no frukter av suksessen. Norwell har ifølgje iLaks.no sett av ti millionar kroner i utbytte, ei dobling frå 2012.

– Det er veldig hyggeleg å kunne levere gode resultat til våre aksjonærar. Vi har ein eigenkapital som vi er nøgde med, og det er ikkje noko grunn til ikkje å dele det gode resultat med dei, seier Kassen til NRK.no.