Hopp til innhold

Selstad fekk ein kvart million avslag på bota

Arbeidarane trassa ordrenekt og brukte stillaset til å arbeide med porten. No må Selstad AS betale 100.000 kroner i bot for at ein arbeidar fall ned og skadde seg.

Selstad AS på Lundøy i Solund

ARKIVFOTO: Selstad AS si avdeling i Solund driv med reparasjon og vedlikehald av notbruk og oppdrettsmerdar.

Foto: Magne Hamre

Arbeidsuhellet skjedde i mai 2014 ved reparasjons- og vedlikehaldsverkstaden sine lokale i Solund.

Rullestillaset var utan rekkverk då ein usikra polsk arbeidar fall ned fleire meter og fekk brot- og indre skadar då han trefte betonggolvet.

Fekk 300.000 i bot

Etter uhellet varsla Arbeidstilsynet fleire pålegg og fatta etter kvart vedtak mot verksemda. Politiet følgde opp med ei bot på 300.000 kroner for brot på Arbeidsmiljølova.

Selstad AS nekta først å godta bota på 300.000 kroner for brot på arbeidslova. Verksemda godtok ikkje bota og vart i Nordhordland tingrett dømd til å betale 350.000 kroner i bot, samt 65.000 kroner i erstatning til den skadde.

Heller ikkje denne avgjerda godtok Selstad, som dermed tok saka til Gulating lagmannsrett. Her fekk dei langt på veg medhald.

Mildare lovbrot

Lagmannsretten meiner den straffbare handlinga var langt mildare enn det påtalemakta hevda. Bota vart redusert til 100.000 kroner. Lagmannsretten meiner den lokale leiinga viste aktløyse, men ikkje grov aktløyse. Denne aktløysa var heller ikkje økonomisk motivert.

Verksemda vart også frifunnen for erstatningsansvar.

– Selstad AS er nøgde med å ha vunne fram med delar av anken. Det står fram også som at lagmannsretten sin dom gir eit rettare bilete av dei faktiske forhold enn det tingretten sin dom gjorde, skriv advokaten til verksemda, Maria Elena Kvalen, i ein e-post til NRK.

Fekk ordrenekt

Lagmannsretten kan ikkje finne at verksemda ikkje tek HMS-arbeidet på alvor. Rekkverk og sele var tilgjengeleg, og vart brukt av eksterne elektromontørar ved arbeid i hallen.

Vidare var det heller unnataket enn regelen at stillaset vart rulla inn og nytta til arbeid over to meters høgde. Stort sett vart stillaset nytta som hylle ein annan stad på området.

Det var ein arbeidar som på uhellsdagen tok opp at arbeidet med porten burde gjerast. Sjølv om avdelingsleiaren bad dei vente, starta mennene arbeidet.

Porten gjekk opp

Seinare var arbeidsformannen innom og gav mennene ordre om å avslutte arbeidet.

Lagmannsretten meiner formannen burde blitt og hindra at stillaset vart brukt utan sikring. Alternativt gjeve mennene ordre om montere rekkverk eller sele.

– Bruk av slike stillas til arbeid i høgda utan adekvat sikring, representerer eit stort farepotensial, noko saka gir eksempel på, skriv lagmannsretten.

Det var to menn i det 5,35 meter høge stillaset då uhellet skjedde. Årsaka til uhellet var truleg at ein av portane gjekk for langt opp og trefte arbeidaren som fall ned.