Masselagsmålet starta med at to personar slost inne på kroa, som var leigd ut til ei privat bursdagsfeiring. Dei to vart bedne om å gå ut, og det var utanfor kroa at det verkeleg braka laus.
På det meste var 20 personar involverte i slågsmålet. I tillegg til å bruke rå muskelkraft, skal fleire av karane ha slege på kvarandre med plastflasker. Ein person måtte sendast til sjukehus med mistanke om broten nase etter bataljen.
Har namn på blokka
Politiet fekk fleire telefonar om slagsmålet som starta i eitt-tida natt til laurdag, men då dei kom fram hadde det roa seg. Politiet kjenner ikkje bakgrunnen for masselagsmålet. Dei vil no etterforske saka på eigahand, og har alt fleire namn på blokka. 13 av dei involverte står alt på lista over mistenkte. Alle er menn i 20-åra frå Fjaler og fleire nabokommunar.