NRK Meny
Normal

SELJE: Gunn Karin Sande trur ho blir ordførar

Senterpartiet sikra seg 20,4 prosent av røystene i Selje. Det trur ordførarkandidat Gunn Karin Sande held til at ho blir den nye ordføraren.

Gunn Karin Sande

GOD TRU: Gunn Karin Sande (Sp) har tommelen opp og trur ho blir den neste ordføraren i Selje.

Foto: privat

Vallogo

Det var Tverrpolitisk liste som fekk flest røyster, 30 prosent, men Gunn Karin Sande har stor tru på at ho endar som ordførar etter Ottar Nygård, som representerer Tverrpolitisk liste. Nygård stilte ikkje til val, deira ordførarkandidat er Jan Vidar Smenes.

Desse tala blir refererte av Sande og stadfesta av leiar i valstyret, Ottar Nygård. Men dei stemmer ikkje overeins med dei tala som har kome ut frå Regjeringen.no. Der står Senterpartiet med 15,7 prosent og Tverrpolitisk liste med 32 prosent.

Nygård meiner det kan skuldast ein datafeil, men då NRK snakka med han natt til tysdag hadde han ikkje tala tilgjengelege.

– Ein god dag, rett og slett

Gunn Karin Sande meiner konstellasjonane etter dette valet tilseier at ho og Senterpartiet ligg godt an når det skal veljast ordførar.

– Dette var ein god dag, rett og slett. Eg er utruleg godt nøgd. No blir det hestehandel, men du kan sitere meg på at eg har god tru på at eg blir ordførar.

Her er dei offisielle valresultata for Selje, men vi tek atterhald om at desse tala ikkje stemmer, og at det er tala til Sande og Nygård som er dei rette.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå