NRK Meny
Normal

Selje slit med brannleiinga

Selje har problem med å skaffe kvalifisert leiing for brannvernet i kommunen. Dette er eitt av fleire avvik som kjem fram i tilsynsrapporten frå direktoratet.

Rådmann Reidar Sandviknes seier dei jobbar med saka.

- Det som er vanskelegast å få på plass er leiar for førebygging. Det har vi fått ein merknad på. Men vi jobbar med og reknar med å ha dette på plass innan fristen, seier han.

Håper på samarbeid

Og fristen for dette og fleire andre merknader til brannvernet i Selje er 15. juli. Då må Selje i tillegg ha på plass også ein stadfortredar for brannsjef, noko som manglar i dag. Rådmann Reidar Sandviknes seier dei jobbar å løyse kompetansemangelen gjennom interkommunalt samarbeid.

Får ny brannbil

Ein annan merknad er at kommunen ikkje har vatn i samsvar med forskriftene til å sløkke ein eventuell brann.

- Vi må demme opp nokre stader som er vanskeleg tilgjengeleg. I tillegg får kommunen ny brannbil med større vasskapasitet i løpet av året, seier han.

Fleire manglar

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap peikar elles på at det ikkje er tilfredsstillande oppfølging av tilsyn, mangelfulle planer, ikkje gjennomført feiing over alt i 2005, ikkje fysisk test av røykdykkarar. Men rådmann Reidar Sandviknes meiner det meste skal vere på plass innan fristen.

- Vi håper at vi kan gje eit svar då som er tilfredsstillande, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.