Han meiner dommen er for mild

– Det har vore mykje frustrasjon, sinne og fortviling etter hotellbrannen, seier Selje-ordføraren. Han meiner dommen mot dei branntiltalte brørne ikkje speglar dei dramatiske konsekvensane for lokalsamfunnet.

Selje-ordførar Stein Robert Osdal i Sogn og Fjordane tingrett.

DRAMATISK FOR LOKALSAMFUNNET: Hotellbrannen pregar framleis lokalsamfunnet i Selje. Ordførar Stein Robert Osdal registrerer at tingretten dømde berre ein av tre brør for brannstifting.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Hotelldirektøren må sone fem år og seks månader i fengsel for å ha starta brannen på Selje Hotel. Styreleiaren vart dømd til eitt år for medverknad til økonomisk utruskap, medan kjøkkensjefen blir frifunnen.

Selje-ordførar Stein Robert Osdal følgde sjølv deler av rettssaka. Han er glad dommen er komen, men er samtidig litt overraska over utfallet.

– Det er snakk om stort skadeverk, og store konsekvensar både for personar og lokalsamfunn. Det gjer at eg blir litt forundra når eg samanliknar dommen med dei store konsekvensane.

Sogn og Fjordane tingrett meiner hotelldirektøren handla åleine om å starte brannen, men at han samarbeidde med den tidlegare styreleiaren om økonomisk utruskap. Kjøkkensjefen vart frifunnen både for økonomisk utruskap og brannstifting.

– Straffa er for streng

Per Kjetil Stautland

VIL BRUKE TID: Per Kjetil Stautland er forsvarar for den no dømde hotelldirektøren. Dei vil bruke litt tid på å vurdere dommen før dei tek stilling til ei eventuell anke.

Foto: Silje Guddal / NRK

Forsvararen for den dømde hotelldirektøren, Per Kjetil Stautland, seier hans klient er glad for å bli trudd på at han har vore åleine om brannstiftinga. Om fengselsstraffa på fem år og seks månader seier han dei er tilfredse med at straffa er eitt år kortare enn påstanden aktor la ned.

– Eg forstår det slik at straffereduksjonen er eit resultat av at vår argumentasjon om reduksjon i utruskapssummen har nådd fram. Han er domfelt for underslag for i underkant av 2 millionar kroner, medan aktor hevda 3,3 millionar kroner, seier Stautland og held fram:

– Vi har då fått medhald i ein vesentleg reduksjon i storleiken på utruskapen. Likevel har vi berre fått seks månadar mindre straff. Min umiddelbare reaksjon er at straffa er for streng, sjølv om min klient har erkjent straffansvar og må få ei betydeleg straff.

Stautland og hotelldirektøren har førebels ikkje teke stilling til ei eventuell anke.

– Det vil i så fall berre bli på straffeutmålinga.

Aktor Magne Nyborg vurderer om påtalemakta skal anke deler av dommen.

Usikkert når eit nytt hotell står klart

Brannen på Selje Hotel i november i fjor er framleis som eit ope sår i lokalsamfunnet. Ordføraren, innbyggjarar og næringsliv fortvilar framleis over tapet av ei storstove, og har måtte innsjå at mange turistar droppar turen no som hotellet er borte.

Ordførar Stein Robert Osdal vil helst ikkje meine så mykje om behovet for eventuelle nye rettsrundar. Snart eitt år etter brannen strevar samfunnet framleis med å kome seg vidare med å byggje opp eit nytt hotell.

– Ting går veldig seint, og det er mykje som må avklarast. Eg er optimist, men erkjenner at vi må vere veldig tolmodige for å kome i mål på ein god måte.