NRK Meny
Normal

Selje knuste Stryn til inga nytte

Sjølv med knusande siger over Stryn på heimebane, er Selje klar for 4. divisjonsspel neste år.

Kupen

Kan Kupen-brørne berge Selje frå degradering? Endre (framme), Ken Olav (bak frå venstre), Andre og Werner.

Foto: Atle Solheim

Selje stod før kampen med tre poeng mindre enn Skavøypoll og fem mål dårlegare målskilnad. Men Selje gjorde jobben dei måtte gjere og varta opp med festfotball og ni scoringar mot Stryn.

Diverre for seljeværingane fekk Skavøypoll eitt poeng i sitt møte med Sogndal 2.

MÅLRIK AVSLUTNING I 3. DIVISJON

I tillegg vart det også klart at Preben Strypet og Asbjørn Tenden delar toppscorar tittelen i divisjonen. Tenden noterte seg for ei scoring i sesongavslutninga mot Selje.

Selje - Stryn 9-3 (2-1)

Skavøypoll - Sogndal 2 2-2 (1-1)

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå