Hopp til innhold

Jubel for nytt rådhus i 2012, no er Selje kommune i økonomisk krise

Selje kommune må dekke inn eit underskot på 10,5 millionar kroner som har bygt seg opp dei to siste åra.

Opning av nytt rådhus i Selje

DEI MÅ SPARE: Ordførar Ottar Nygård og tilsette i Selje kommune ved opninga av det 'nye' rådhuset i mars 2012. No må sparekniven nyttast.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Til no har kommunen lagt ned ein skule og ein barnehage og kutta fleire stillingar. No ber dei også Fylkesmannen om pengar for å kome seg ut av knipa, seier fungerande rådmann Åse Elin Hole.

– Vi har kome langt på veg uansett kva vi får, om det er 200.000, 500.000 eller ein million, så er all støtte vi kan få i form av skjønsmidlar viktig for oss.

Dei to siste åra har den økonomiske situasjonen til Selje kommune gått frå vond til verre. I dag har dei eit opparbeidd underskot på 10,5 millionar kroner. Nyleg kom dei også inn på Robek-lista, og er sett under statleg kontroll.

– Felles ansvar

Til no har dei lagt ned ein skule og ein barnehage, kutta fem stillingar, innført kjøpestopp og stramma inn vikarbruken, seier Hole.

– Innbyggjarane vil merke at kommunen er i ein utfordrande og vanskeleg økonomisk situasjon. Det er eit felles ansvar alle har: Kva kan eg som innbyggjar gjere, kanskje redusere forventningane i tida som kjem.


Er ikkje sikra pengar

Kommunar som er i økonomisk ubalanse eller har store uføresette utgifter kan søkje om ekstra skjønsmidlar hjå Fylkesmannen. Potten er no på fem millionar kroner og blir delt ut i oktober.

Men at Selje har slite og framleis er i økonomisk trøbbel betyr ikkje at dei automatisk er sikra pengar, seier Kåre Træen, hjå Fylkesmannen.

– Det må vere i samband med ein forpliktande plan om å dekke inn underskotet. På sikt må kommunen tilpasse seg balanse mellom utgifter og inntekter. Det er heilt klart.

Kva Selje vil gjere dersom dei ikkje får skjønsmidlar har ikkje rådmann
Åse Elin Hole noko svar på no.

– Det må vi ta den dagen vi får svar frå Fylkesmannen.

I løpet av 2016 må Selje ha kvitta seg med underskotet.

Til no har berre Selje søkt om pengar, men Høyanger vurderer det, og ordførar Frida Melvær i Askvoll seier dei jobbar med søknad no.