Så langt har lokallaget fått ti utmeldingar men fleire er venta. Samtlege av dei fire kommunestyremedlemmene til partiet melder seg ut, og heile styret går av i protest.
- LES OGSÅ:
Bakgrunnen er handsaminga som Helse Førde sin strategiplan fekk i fylkestingsgruppa til Ap der eit fleirtal ville omgjere lokalsjukehusa til lokalmedisinske senter.
I årsmøtevedtaket står det at Selje Arbeiderparti tek utmeldingane til etteretning og at det vert opp til Sogn og Fjordane Arbeiderparti å reetablere eit nytt lokallag i Selje.
Det meste tyder på at nær samtlege av dei 23 medlemmane i Selje Ap vil melde seg ut.
Fylkesleiar Nils P. Støyva seier det er ei trist sak, men
. Han har kopla inn partiet sentralt og neste veke vil truleg partisekretær Raymond Johansen kome til Selje for å prøve å få orden i rekkene.Men mange eks-partimedlemer seier dei ikkje eingong er interesserte i å møte han og at dei uansett ikkje vil endre meining.