Hopp til innhold

Selje Ap varslar utmeldingar

Arbeidarpartiet i Selje varslar masseutmeldingar dersom ikkje fylkespartiet endrar kurs i sjukehussaka.

Nils P. Støyva og Oddvar Nilsen

- Dette tek vi veldig alvorleg, seier fylkesleiar Nils P. Støyva i Ap om utspelet frå Selje.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Gruppeleiar i Selje Ap, Ottar Nygård, seier mange medlemer før påska varsla at dei vil levere inn partiboka. I ytterste konsekvens kan grasrotopprøret føre til nedlegging av lokallaget.

- Det tek vi veldig alvorleg, seier fylkesleiar Nils P. Støyva.

- Veldig samstemde

Fylkestingsgruppa til partiet gjekk denne veka inn for framlegget der sjukehusa i Eid og Lærdal blir gjort om til lokalmedisinske senter . Etter eit medlemsmøte før påske åtvara lokallaget i Selje både fylkesstyret og fylkestingsgruppa mot dette.

- Medlemsmøtet var veldig samstemde i så måte, seier Nygård som har bede lokallagsleiaren kalle inn til nytt medlemsmøte.

Veteranopprør i Sogn

Det er ikkje berre lokallaget i Selje som protesterer mot lina Arbeidarpartiet har vald i sjukehussaka. I Årdal og Lærdal har fleire partiveteranar varsla at dei vil melde seg ut av partiet dei har tilhøyrd heile sitt vaksne liv.

- Eg er medlem frå 1964. Dersom dette går slik Helse Førde vil, så vil eg ikkje vere medlem av partiet lengre, seier Anne Margrethe Forthun.

- Vil lytte

Fylkestinget klarde ikkje å semjast om ein felles uttale til Helse Førde i saka. Dei tre regjeringspartia hadde kvar sine framlegg, medan opposisjonen klarde å semje seg imellom om eit fjerde framlegg.

Fylkesleiar Støyva seier han vil lytte til kva dei ulike medlemene i partia kring om i fylket har å seie til saka.

- Det skal eg sjølvsagt ta med meg inn i styret, og eg er sikker på at vi skal få til ei skikkeleg god og ryddig handsaming av dette spørsmålet, seier han.