NRK Meny

Selde luksusbåt til Gjelsten

John Olav Lefdal frå Stryn, som driv Dreamline Yacht, selde ei utgåve av luksusbåten Riva Rivarama 44 til Bjørn Rune Gjelsten for 6,5 millionar kroner. Det skriv Dagens Næringsliv.

Den 44 fot store båten kosta ny 13 millionar kroner.

Lefdal har drive Dreamline Yachting i 16 år, og har mange av dei rikaste, båtinteresserte nordmennene på si kundeliste. I fjor selde Lefdal fem luksusbåtar til nordmenn, men understrekar at han leverer dei fleste båtane han sel til Middelhavet.

John Olav Lefdal
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser