Hopp til innhold

Selde 22 leilegheiter på éin kveld

Trudde du det var berre i dei store byane det er rift om bustadene? På éin kveld vart det seld 22 husvære til ein totalverdi av 65 millionar kroner i Sogndal.

Illustrasjon for Sjøkanten i Sogndal

ATTRAKTIVT: Pengane sat laust i Sogndal då leilegheitene i Sjøkanten vart lagt ut for sal.

Foto: Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS

Det gjekk fort då folk fekk tilgang til leilegheitene i det planlagde leilegheitskomplekset på slaktehustomta i Sogndal tysdag kveld.

Salsrekord

Illustrasjon for Sjøkanten i Sogndal

TILTALAR: Det er tydeleg at planane for Sjøkanten tiltalar folket. No er 28 av 35 leilegheiter selde.

Foto: Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS

Godt over 100 personar møtte opp på salsmøte og pengane sat laust. For etter endt kveld var 22 leilegheiter selde, til ein verdi av 65 millionar kroner.

20 av leilegheitene gjekk unna på mindre enn éin time.

Det meiner advokat og dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane i Sogndal, Jan Arild Rømmen, er rekord.

– Dette er uvanleg, i alle fall i vårt fylke. Eg har aldri høyrt om liknande, seier Rømmen.

Også dei to dyraste leilegheitene til 5,5 millionar kvar vart selde.

Glad dei kan starte bygginga

Illustrasjon for Sjøkanten i Sogndal

UTSIKT: Det skal ikkje stå på utsikta for dei som har kjøpt seg husvære i Sjøkanten i Sogndal.

Foto: Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS

Sjøkanten Sogndal AS vil ha klare leilegheitene i 2013 på tomta i sentrum av Sogndal. Det har vore ein stor diskusjon om kva tomta skulle brukast til, alt frå hotell til butikkar, og saka har vore diskutert politisk i fleire år.

Investor Arne Myklebust er glad for at dei no endeleg kan setje spaden i jorda og starte bygginga.

– Det syner at dette var eit attraktivt og riktig prosjekt, seier Myklebust.

I dag vert det opplyst at heile 28 leilegheiter er selde og berre sju no står igjen.