Hopp til innhold

Selde hus for 5,1 millionar i Sogn

Taksten var på 4,1 millionar kroner. Då salet var gjennomført vart sluttsummen 5,1 millionar.

Sogndal sentrum sett frå Helgheim

REKORD: Eit hus frå 60-tallet gjekk for 5,1 millionar kroner i Sogndal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Eg har ikkje registrert ein høgare pris for eit slikt bustadhus, seier Jan Arild Rømmen i Sogn og Fjordane Eigedomsmekling til sognavis.no .

- Taksten for låg

Avisa fortel at meklaren meinte prisen for huset i utgangspunktet var for låg.

- Det er rett å seie at vi som meklarar meinte at denne taksten var i lågaste laget, seier Rømmen til avisa og viser til plasseringa av huset.

- Men også fordi huset er i spesielt god stand i forhold til alder.

Sluttsum: 5,1 millionar

Taksten var altså på 4,1 millionar kroner, men Rømmen ville hatt den opp i 4, 5 millionar.

Etter visning og bodrunde, enda prisen på huset frå 60-tallet på den nette sum av 5,1 millionar kroner.