Selde brosme etter slottsmiddagen

Håpar på auka sal av brosme etter at kongen serverte fisken under stortingsmiddagen.

Slottsmiddag

MIDDAG PÅ SLOTTET: Brosme stod på menyen.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

I fiskebutikken

FILET: Slik ser brosma ut i fiskebutikken. Arkivfoto

Foto: Scanpix

For sjølv om brosme er godt kjend i Sogn og Fjordane, er den lite kjend på Austlandet.

Dagen etter middagen fekk seljar Kristin Blaalid i Snorre Seafood telefon frå ein storkunde på Austlandet som ville kjøpe brosme. Ho jubla då ho fekk telefonen.

- Yes, tenkte eg. Endeleg vil dei ha fisken eg har prøvd å selje til dei før, fortel ho.

Hadde samanheng med middagen

Ho spurde om det hadde samanheng med middagen kvelden før , og det kunne han stadfeste.

- Han har aldri før kjøpt brosme sjølv om eg har spurd han mange gonger. No kjøpte han 50-60 kilo med filet, og eg håper han klarer å selje inn denne fisken i området sitt.

- Håper det losnar

Snorre Seafood i Vågsøy tek imot sjarktflåten og sel fisken både innanlands og til utlandet. Dei sel båd heil fisk og filet. No håpar ho at det losnar for brosma.

- Eg trur at folk tenkjer at dette må vere ein fantastisk fisk når Slottet vel å bruke den.

Blaalid tykte at det var veldig artig og no håpar ho på auka salet av fisken framover.

- Kanskje den blir litt meir anerkjent framover. Det er det same som når kjendiskokkane bruker varer som ikkje er så vanlege, så får dei oppsving rett etterpå.

- Flott at dei valde brosme

Ho set pris på at slottet valde å bruke brosme under middagen.

- Det er så flott at slottet valde å bruke ein slik fisk, i staden for kveite og laks som skal vere så eksklusivt.

Brosme er ein kvitfisk som mellom anna i Gloppen har blitt nytta som festmat. Under middagen for dei folkevalde var det servert bakt brosme med luftig smørsaus med sildekaviar.

- Sjølv tykkjer eg eg lettsalta brosme er veldig godt.