Hopp til innhold

Seks Astrup-verk under hammaren på ei veke

På ei veke er det omsett Astrup-verk for nær ein million kroner.

Daglig leder ved Blomquist Kunsthandel i Oslo, Knut Forsberg.

ALLE SELDE: Knut Forsberg og Blomqvist Kunsthandel hadde fire Astrup-verk i katalogen sin 21. november. Samtlege vart selde. – No blir det spennande å sjå 13. desember korleis det går med tresnittet Soleienatt. Det er vurdert til 70.000 - 90.000 kroner, seier han.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Jølster-kunstnaren Nikolai Astrup si internasjonale lansering ser ut til å ha slått positivt ut på verdien for verka hans.

På ei veke auksjonerte Grev Wedels Plass Auksjoner og Blomqvist kunsthandel seks Astrup-verk for 913.000 kroner.

– Eg trur interessa har auka. Vi ser fleire kjøparar og meir interesserte kjøparar. Men ein kjem ingen veg utan gode bilete av god kvalitet, seier Knut Forsberg, seniorekspert i kunstavdelinga ved Blomqvist kunsthandel.

Sist måndag gjekk fire Astrup-verk under hammaren ved kunsthandelen. Av desse gjekk to under prisvurdering. Fargetresnittet «Vårnatt og seljekall» frå 1917 vart også prøvd auksjonert i fjor, då utan å lukkast.

Ei prisvurdering på 350.000 - 400.000 kroner var no ikkje avskrekkande for kjøparane. Verket skifta eigar for 370.000 kroner.

Dei to verka Grev Wedels Plass auksjonerte vekk 15. november, gjekk begge for godt over prisvurdering.

Hos Blomqvist seier Forsberg at den auka interessa er overraskande. Han trur forklaringa er utstillingane i London, Oslo og Emden.

– Dei seinare åra har vi ikkje sett at museumsutstillingar har påverka marknaden så mykje som for 20-30 år sidan. Då var utstillingane viktige, seier han.

Auka interesse er ikkje unikt berre for Astrup.

– Vi såg også det same rundt Anna Eva Bergmann, der grafikkutstillinga på museet for samtidskunst førte til stor interesse for hennar kunst, seier Forsberg.