Hopp til innhold

Selde ærverdig hotell i Fjærland

Rolf Wikborg har gjennom hotellkjeda Mountain Fjord no sikra seg full kontroll over aksjane i ærverdige Hotel Mundal i Fjærland.

 

Seljar er Hilde Mauritzen, som dermed avslutta eit 121 år langt familieeigarskap på Mundal.

Etter det NRK har grunn til å tru gjekk det lang tid frå kjøpekontrakten blei skriven til oppgjeret kom på konto. Kjøpesummen er ikkje kjend.