Hopp til innhold

Rekordsal på påskegodt

Samanlikna med fjorårets påske hamstrar vi tre gongar så mykje påskesnop i år. Fleire butikkar har dobla innkjøpet av påskesnop, likevel er det utplukka i butikkhyllene.

Folk hamstrar påskesnop til påskeegga sine.

påskesnop


– I førre veke selde vi nesten 1000 kilo smågodt. Vi ser at det har auka noko veldig på salet og spesielt på smågodt. Alt anna godt går også, seier butikksjef Ørjan Alme på Coop Extra i Førde.

Det er mykje som tyder på at folk skal kose seg i påskeferien.


Amanda Engebø står med henda fulle av godteri på butikken. Ho er på påskeferie og i dag er ho på butikken for å handle inn påskegodt til ferien.

At det er mykje som freistar ho, der ho står mellom rad på rad av påskesnop, er det lita tvil om.

– Eg er veldig glad i slike colaflasker, og kanskje eg skal ha påskesjokolade og litt sjokolade og kinderegg, påskekaninar i sjokolade og påskeegg, Amanda ramsar opp godteri.

Tredobla salet

Butikksjef Alme har merka at salet av årets påskesnop har auka. Samanlikna med i fjor har salet på smågodt blitt nesten tredobla.

– Så det er ikkje salat etterspurnaden er stor etter?

– Nei, dei vil ha vanleg sjokolade og kjeks til skigåinga si, dei vil kose seg ekstra mykje. Og så er det gul brus som alle skal ha til påska, fortel han.

(Artikkelen held fram under biletet)


Skrapa tomt

Så mykje snop har vi kjøpt

MINKAR: Så høgt var det med snop, fortel butikksjef på Coop Extra i Førde, Ørjan Alme.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

I butikken hans kan ein sjå at hyllene har begynt å tømme seg. At det har gått enorme mengder snop dei siste vekene er lett å sjå i alle dei tomme godterihyllene.

– Viss vi ser i hyllene for smågodt er det nesten skrapa tomt, så her må vi fylle på att, seier han og ramsar opp fleire godterislag som det er blitt heilt tomt for i smågodtboksane.

Og på endane her har dei sett opp fire pallar der det er supplert med det same snopet som er i hyllene.

Har gått tom fleire gongar

Også på Rema 1000 i Måløy merkar butikksjef Ronny Sønsterudbråten den same tendensen. Ei kraftig auke på salet har gjort at dei har måtte bestille dobbel mengde av påskesnopet samanlikna med i fjor

– Vi har teke inn dobbelt så mykje kvikklunsj i år samanlikna med i fjor. Det er rett og slett fordi vi har gått tomme fleire gongar og då har vi måtte plussa på og plussa på, fortel Sønsterudbråten.

Sønsterudbråten seier at det ikkje er nokon tvil om at folk er flinke til å kose seg med mykje godt i påska!

– Folk skal i alle fall kose seg, det er sikkert. Han innrømmer at han blir litt overraska når han ser kva som blir sendt gjennom kassa.

Godteri
Foto: Adalheidur Oldeide / NRK