NRK Meny
Normal

Selde 1 372 liter øl ulovleg

Ein mann frå Sogn må betale 30 000 kroner i bot, og betale tilbake fortenesta han hadde, etter at han selde store mengder øl utan bevilling.

Video Billigsalg på øl

Mannen i 30-åra omsette øl og cider for over 85 000 kroner, men må no betale 30 000 kroner i bot, og får utbytet av handelen inndratt. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Nyhetsspiller

I løpet av nesten eitt år selde mannen, fleire gongar, øl og cider til to andre personar, med ei samla mengd på over 1 300 liter. Han skal òg ha seld 48 liter øl til andre personar, men politiet kjenner ikkje til desse.

Til saman har salet av drikkevarene kome opp i 1372 liter, og handelen skal ha hatt ein verdi på 85 618 kroner.

Påtalemakta meinte at ei bot på 30 000 kroner var ei passande bot, ettersom mannen sjølv tilstod all skult i saka. I dommen er det nemnd at det òg var formildande at han var åleine om handelen.

Retten var einig i dette, og han vart dømd til å betale bota på 30 000 kroner.

I tillegg er han dømd til å betale 40 000 kroner som inndraging av det han skal ha tent av handelen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.