Hopp til innhold

Her er to leilegheiter til sals for 0,- kroner

Medan bustadprisane einskilde stadar i Sogn og Fjordane når stadig nye høgder, er det tungt å selje husvære i Høyanger. Akkurat no kan du få to toromsleilegheiter i Hjetlandsbakkane burettslag for null kroner.

Hjetlandsbakkane

TIL SALS: I Hjetlandsbakkane burettslag er to leilegheiter til sals for kroner null.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Leilegheitene, som er burettsleilegheiter, ligg ute til forkjøpsrett hjå Boivest fram til i morgon. Når ein kjøper leilegheit i eit burettslag, så kjøper ein ein andel.

Det følgjer difor stort sett alltid med fellesgjeld, denne kan variere. For dei gitte leilegheitene ligg fellesgjelda på 443.000 kroner for den eine, og 244.000 for den andre.

Leilegheitene vert ikkje mekla av Boivest sin meklar, Garanti, og difor kjenner ikkje direktør i Boivest, Liv Judit Straume, til husværa spesielt.

Men ho kjenner att trenden.

– Dette er leilegheiter som er lokalisert i Høyanger, og det er litt spesielt i Høyanger. Der har det over lengre tid vore hjørnesteinsbedrifter som har redusert talet på tilsette. Det har vore ein marknad der som ikkje har vore velfungerande over lengre tid, så for så vidt er dette eit resultat av det som har vore i mange år, seier Straume.

Har vore ein dårleg marknad

– Er det generelt vanskeleg å få selt bustadar i Høyanger no?

– I den grad eg kan seie noko om det, så har marknaden vore dårleg. Det betyr at det er problem med å få omsett bustadar. Det er klart at med ein reduksjon i arbeidsstokk, samt at folk skal flytte, så seier det seg sjølv at marknaden regulerer det. Og då vert etterspurnaden mindre, seier Straume.

Liv Judit Straume

HENG I HOP: Direktør i Boivest, Liv Judit Straume, seier marknaden regulerer seg sjølv.

Foto: Pressefoto

Ho peikar på at denne type utslag er eit tydeleg teikn på at noko ikkje er som det skal i eit samfunn.

– Eg tykkjer det er beklageleg for samfunnet der slike ting skjer, for det fortel at noko ikkje er som det skal. Det er også svært beklageleg for kvar og ein som kjem ut for det. Vi ønskjer at fylket vårt skal fungere godt på alle område, så det er beklageleg når slikt skjer, seier Straume.

Fire år sidan Fundo gjekk konkurs

Høyanger-ordførar Petter Sortland vil ikkje kalle utviklinga i Høyangersamfunnet for heilsvart, men han skulle gjerne sett det annleis.

– Det har gått nokre år sidan Fundo Wheels gjekk konkurs i starten av 2009, og 2009 var eit traumatisk år, ikkje berre for oss, men for nabokommunane Gaular og Balestrand, der Fundo var ein stor arbeidsgjevar, seier Sortland.

Han peikar på det tek tid å snu ei slik utvikling.

Petter Sortland

I KNESTÅANDE: Høyanger-ordførar Petter Sortland meiner dei er oppe i kneståande, og at dei snart vil sjå resultat av det arbeidet som er lagt ned for å snu den negative utviklinga.

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

– Det er slik at når 300 mister jobben direkte, og kanskje 100 arbeidsplassar forsvann i runde to etter Fundo i Høyanger, kanskje spesielt i Høyanger tettstad, så tek det litt tid å komme seg opp att. Men eg vil påstå at vi kanskje er oppe i kneståande, men heilt friskmelde, er nok ikkje Høyanger-samfunnet endå, seier Sortland.

Han legg til at dei gjerne hadde sett at dei var lengre komne i arbeidet med omstilling og det å tilby lokalsamfunnet nye og attraktive arbeidsplassar.

– Men sjølv om det er lyspunkt, så er det slik at dette tek tid. Det er eit svært krevjande arbeid, seier Sortland.

Merkast godt for underleverandørar

– Dei prøver så godt dei kan. Fundo omsette for ein halv milliard kroner, det betyr at dei kjøpte mykje varer og tenester av lokalsamfunnet. Men dei er vekk. Alle bedrifter som leverte varer og tenester til Fundo har måtte sjå seg om etter andre marknader, seier Sortland.

Han peikar også på at butikkar og detaljhandel også merkar at det har vorte mindre handel.

– Frå at Høyanger har vore ein stor innpendlingskommune frå nabokommunane, er det i dag vi som må pendle ut til våre nabokommunar og finne arbeid der. Er ein i ein pendlarsituasjon, så handlar ein jo gjerne der ein jobbar før ein dreg heim, seier Sortland.

– På slike små plassar, så heng alt i hop med alt. Det kunne nok vore meir lystige tal når det gjeld detaljhandel i Høyanger. Men alt er ikkje heilsvart. Nokon klarar seg heilt godt, medan nokon gjerne skulle hatt 300–400 personar meir i Høyanger, slik som for nokre år sidan, seier Sortland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fundo Wheels

GJEKK KONKURS: Fundo Wheels gjekk konkurs i 2009.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Mange har gått frå heiltid til deltid

Men han vil ikkje sjå for mørkt på framtida for industristaden ved Sognefjorden.

– I dag har vi ei arbeidsløyse på to prosent, noko som er under fylkessnittet. Vi var på nesten ti då Fundo gjekk konkurs. Men det er rett å seie at mange av dei som har fått seg nytt arbeid etter Fundo, har gått frå godt lønna industriarbeidarbetaling til kanskje ein deltidsjobb innanfor SFO/barnehage/helse- og omsorg, seier Sortland.

Han peikar på at med heilt anna inntekt, så vert også kjøpekrafta ei anna.

– Eg kunne heilt klart ønskt meg meir attraktive arbeidsplassar for vaksne gutar og jenter i lokalsamfunnet vårt, seier Sortland.

Men han vil ikkje bli med på at det herskar krisestemning i Høyanger.

– Nei, det er det ikkje. Men vi har utfordringar, og håpar på at vi skal få merke nokon av effektane av arbeidet vi har lagt ned. Det er mange bedrifter i Høyanger som går bra, og som treng mange folk. Men vi mista fylkets største bedrifter, og det slo sterkt ut for oss, seier Sortland.

Han har tru på nye og lysare tider for dei som bur i Høyanger.

– Vi skal reise oss vidare, det skal eg gjere mitt beste for å bidra til, seier Sortland.