Hopp til innhold

Sel kleskjede til Danmark

Berre to år etter at dei kjøpte kleskjeda, har Moods of Norway seld Brandstad til danske PWT Group, skriv Finansavisen. Prisen er ukjend, men ifølgje avisa skal den vere i nærleiken av det same som Moods of Norway betalte. Dagleg leiar Jan Egil Flo seier til avisa at Brandstad framleis skal vere Moods of Norway sin einaste distributør. – Vi hadde ikkje seld om ikkje vi var sikra vidare distribusjon, seier Flo til avisa.

Jan Egil Flo i Moods of Norway foran stengt butikk
Foto: Silje Guddal / NRK