NRK Meny
Normal

Sel hyttetomter til over to mill.

Området frå Tyinkrysset i Oppland til Maristova i Lærdal er blitt eitt av dei mest populære hytteområda i landet.

På tre dagar har Jotunheimen Eiendom selt 43 tomter til prisar opp mot 2,3 millionar kroner.

Også Gramstølen Hyttegrend ved Maristova er populær. På Gramstølen har dei selt 44 hyttetomter sidan 2003 og skal legge ut 21 tomter til. Prisen ligg på opp mot 670.000 kroner.

Men dei kan ikkje konkurrere med tempoet og prisnivået til Jotunheim Eiendom. Desse tomtane ligg nær skianlegget på Filefjellet, og det er avgjerande for etterspurnaden. Difor ønskjer eigarane på Gramstølen å få i drift att skitrekket. Då trur styreleiar Thomas Hjermann hyttetomtene vil gå endå lettare unna.

Vegopning på Bergum i Førde kommune