Hopp til innhold

Sel hotellet sitt: – Passar å trappe ned

Roy Solbakken sel alle aksjane sine i Førde Hotel AS til Skei Hotel AS.

Thon Førde Hotel

FÅR NY EIGAR: Thon Førde Hotel.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Frå 15. juni får Thon Hotel Førde og Thon Hotel Jølster same eigar. Skei Hotel AS kjøper alle aksjane til Roy Solbakken i Førde Hotel AS. Solbakken seier at det no passa bra å selje hotellet.

Roy Solbakken

– DRIV MED MYKJE ANNA: Roy Solbakken.

– Eg har kome opp i ein alder der det passar å trappe litt ned. Eg har ingen som vil ta over, og så driv eg med mykje anna. Det er veldig OK at det er Skei Hotel som kjøper, fordi eg trur det er ein veldig stor fordel for begge hotella.

Salet inneber at alle dei tilsette ved Thon Hotel Førde får halde fram i jobben sin.

– Det var viktig for meg. Det blir berre eg som går ut døra, og det synest eg er greitt, seier Solbakken.

Blir direktør for to hotell

Frå 15. juni blir hotelldirektør ved Thon Hotel Jølster, Sindre Saue Årdal, sjef for både hotellet på Skei og det i Førde. Han ser på kjøpet av Førde-hotellet som ei god investering for framtida.

Sindre Årdal/Thon Hotel Jølster

TO HOTELL: Sindre Saue Årdal.

Foto: Privat

– No styrker vi posisjonen vår både i Sunnfjord og i marknaden elles. Hotellet i Førde ligg veldig gunstig til, det er god trafikk og auke for hotella der. Samstundes ser vi at det er mykje synergieffekt å hente ut på sal, marknadsføring, økonomi og leiing.

Han varslar at det no skal brukast pengar på å oppgradere begge hotella.

– På Skei har vi hatt planar lenge, der har vi nett fullført ei renovering av kjøkkenet. For Førde sin del har vi teke til å teikne litt på korleis vi skal oppgradere.

Skei Hotel taper på nedlegginga av Englandsbåten.

MOT GOD SOMMAR: Thon Hotel Jølster, tidlegare Skei Hotel.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

God sesong

Saue Årdal kan rapportere at begge hotella han no blir sjef for ser ut til å få ein god sommar.

– Juli er nesten proppfull både på Skei og i Førde, juni ser ut til å bli bra over fjoråret, så det ser veldig bra ut.