Hopp til innhold

Sel godt med sesongkort trass nedrykket

Trass i ein blytung haust som enda med nedrykk: Sogndal ligg ikkje langt bak fjorårssalet av sesongkort på Fosshaugane.

Sogndal jublar mot Sandnes Ulf på Fosshaugane i mai.

MEIR JUBEL: Sogndal håpar på meir jubel og fulle tribunar også etter nedrykket. Biletet er frå fjoråret og kampen mot Sandnes Ulf.

Foto: Alf Vidar Snæland / SCANPIX

– Nedrykket kunne ha fått langt større negative konsekvensar, etter ein tung haust og mange som sikkert tenkte negativt om oss. Men vi har klart å løfte oss, og fått ny positiv energi inn i klubben. Vi merkar det også i bygda, seier Geir Inge Heggestad.

Det er i underkant av ein månad til seriestart for Sogndal etter nedrykket frå eliteserien. Arrangementssjefen har til no selt 1523 sesongkort på Fosshaugane.

– Vi er godt nøgde med tanke på at vi rykte ned. Det er uansett viktig for oss å komme opp i eit tal som gjer at vi kan fylle stadion flest mogleg gongar, seier Heggestad.

Ikkje langt unna tala for åra i eliteserien

Sist sesong selde Sogndal 1973 sesongkort, noko som er bestenotering i klubben. På same tid i fjor hadde dei seld 1690. Året før enda Sogndal opp med 1815 selde årskort.

Det er – paradoksalt nok – innan rekkevidde også etter nedrykket.

– Vi ser at dei mest ihuga supporterane er med oss. Så vi har eit håp om det same talet også i år, sjølv om eg ser at det kan bli vanskeleg – men det vil uansett ikkje bli langt unna, seier Heggestad.

Geir Inge Heggestad

NØGD: Arrangementssjef Geir Inge Heggestad trur satsing på lokale krefter og meir offensiv fotball slår positivt ut på engasjementet rundt Sogndal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Føler klubben er på veg opp etter nedturen

Etter nedrykket har Eirik Bakke teke over som trenar. Han har varsla ein langt sterkare lokal profil på laget. Og ikkje minst; angrepsfotball.

Supporterleiar Vidar Vadseth trur det kan slå positivt ut for engasjementet rundt klubben.

– Med Eirik Bakke som trenar er det ny giv og ei ny tidsrekning. Det kjem til å slå positivt ut for Sogndal i åra som kjem. No skal vi vere eit angripande lag, og vi skal styre kampar. Det er mykje artigare å sjå eit lag som angrip og vil vinne kampar, enn å sjå eit lag som er defensivt og spelar på andre sine svakheiter, seier han.

Han legg til:

– Eg føler vi er på veg opp og fram, sjølv om vi skal spele i 1. divisjon. Det blir veldig spennande å følgje med.