Hopp til innhold

Sel bit for bit av konkursbuet

Rubbel og bit av buet skal vekk, hybridfelgen kan forsvinne til utlandet.

Fundo Wheels i Høyanger
Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Det vert ikkje noko felgproduksjon i Høyanger att.
Det seier direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane.

Kunne ikkje halde på lenger

Intensjonsavtalen med det franske selskapet Saint Jean Industries om kjøp av hybridfelgen har ikkje ført fram, og no vert konkursbuet etter Fundo Wheels seld bit for bit.

Flatland seier dei ikkje lenger kunne sitje med buet lenger.

- Innovasjon Norge har vore svært tolmodige i denne saka. Det franske selskapet fekk frist på seg til 15.august med å svare på om dei ville kjøpe. Så utsette vi fristen til 15.september. Deretter ei veke til og ei veke til. Men no kan vi ikkje halde på slik lenger, seier han.

Trur ikkje på nytt tilbod

Fundo Wheels gjekk konkurs tidlegare i år, og fleire har arbeidd med å få til ny produksjon i lokala til hjørnesteinsbedrifta i Høyanger.

Det franske selskapet synte interesse for den mykje omtala hybridfelgen. Det gav nytt håp. Men no vil ikkje Innovasjon Norge lenger sitje og vente på at selskapet skal klare å bestemme seg.

- Om det kjem eit tilbod i morgon eller liknande om å kjøpe konkursbuet samla må vi sjølvsagt vurdere det. Men slik vi ser det vil det mest truleg ikkje skje, seier Flatland.

Bit for bit

Dermed vert bit for bit av konkursbuet lagt ut til salg. Det inkluderer hybridfelgen

Høyanger sett frå Høgebakkane
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

som då kan forsvinne til utlande. For Innovasjon Norge-direktøren trur ikkje det er nokon andre stader i landet som vil produsere ein slik felg.

- Nei, det trur eg ikkje, seier han.