Sekund frå å bli teken av steinras

Eit stort steinras stengjer fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik. Tankbilsjåfør Bjarne Gjerde frykta det verste då han ikkje lenger såg bilen som kom bak han.

Steinras mellom Olden og Innvik

STENGT: Store steinblokker har kome ned ved Ugla mellom Olden og Stryn.

Foto: Randi Skaaden

Raset gjekk ved Ugla i 11-tida laurdag føremiddag.

Statens vegvesen oppmodar bilistar om å køyre om E39 Anda–Lote. Det er uvisst når vegen opnar att.

– Raset dekkjer heile vegbana. Akkurat no som vi snakkar fell det framleis ned småstein øvst i raset. Det er ikkje så veldig langt og stort, men har lengde som ein lastebil og høgde som ein varebil, fortel Jogeir Agjeld på telefon frå rasstaden.

Såg ikkje att bil

Mjølkebilsjåfør Bjarne Gjerde frykta det verste då han såg røyksky bak seg, og ikkje bilen som følgde knapt 200 meter bak han.

Gjerde kom frå Olden-sida då raset gjekk like før Ugla. Sjølv såg ikkje mjølkebilsjåføren steinane dundre i vegbana.

– Eg visste det var ein bil bak og undra meg over kva som hadde skjedd då eg såg røykskya, seier han.

Ana uråd

Rasstaden ligg i ei kurve, slik at Gjerde ikkje såg steinane med det same. Han stogga for å sjå at alt stod bra til med bilisten bak. Då såg han steinane i vegbana.

Gjerde stogga kring 80 meter frå rasstaden.

– Eg ana uråd og trudde bilen kanskje hadde køyrt i grøfta. Så såg eg steinane. Bilisten såg nok steinane kome og har stogga i god tid, fortel han.

Kunne blitt stygt

Gjerde har køyrd mjølkebil til Oldedalen sidan 1974 og meiner han er vand med å køyre på rasutsette stader.

Fjellsida på rasstaden mellom Olden og Innvik.

RASSTADEN: Slik ser det ut i fjellsida på rasstaden

Foto: Magne Gunnar Holen

Han har vore nære på å bli treft av snøras, men aldri vore så nærme å bli teken av steinras.

– Eg har ikkje fått den store skjelven endå, men det er klart at det ville blitt stygt å bli treft av dette raset. Den største blokka er sikkert på opp mot åtte tonn og på staden er det berre ein liten støypekant og så rett i sjøen, seier han betenkt.

Har rasa før

På grunn av aktiviteten i fjellsida våga han ikkje å ta seg over til andre sida av raset for å sjå korleis det stod til med den andre bilisten.

– Hadde bilar kome rett i dette raset, så hadde det blitt alvorleg, seier han.

Det har også tidlegare kome ned steinar på staden. For nokre år sidan vart den same staden reinska for lause steinar. Det er uvisst kor lenge vegen blir stengd.

Kjem ned steinar

Vegmeldingssentralen i Fyllingsdalen opplyser at det i beste fall vil gå mange timar før vegen blir opna att. Avdelingsingeniør Sigmund Hagen seier vegen truleg ikkje blir opna att før måndag, men at det er uvisst.

Steinane losna kring 50 meter over vegbana. Hagen fortel at den største blokka er på kring fire kubikk, medan den andre er kring halva så stor.

– Vi har vore i kontakt med geolog og må ha folk opp for å sjå på området før vi opnar. Det smell framleis i fjellsida og det kjem ned småstein, seier han.

Utsett rasstad

Nokre fjellklatrarar skal opp og sjå på terrenget. Hagen seier det er naudsynt å fjerne lausmassar i fjellsida før vegen blir opna att.

Området er del av ei kring 25 meter lang strekke som er utsett for steinras. Vegen skal erstattast med tunnel som del av opprustinga av Olden - Innvik. Det gjekk i fjor eit steinras like ved.

– Fjellet er ganske oppsprukke. Det var kaldt i natt, men truleg er det utvasking som følgje av det kraftige regnveret i går som har utløyst raset, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.