Hopp til innhold

Seks utøvarar kan ta NM-medalje

Sogn og Fjordane har fleire medaljesjanser når NM i friidrett startar på Byrkjelo i dag.

Medaljehåp frå Sogn og Fjordane under NM friidrett på Byrkjelo.

HÅP: Sogn og Fjordane sine medaljehåp under NM friidrett i helga: Marthe Rygg Årdal (f.v.), Trude Raad, Elin Isane, Cecilie Riise Ortner og Eivind Stavang.

Foto: Fotomontasje

Likevel fryktar dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane, Narve Heggheim, at gullmedaljene heng høgt.

Dei sterkaste medaljekandidatane frå fylket, kjem frå Gloppen.

– Vi har to sleggjejenter som heilt sikkert vil vere med å kjempe om i alle fall sølv og bronse i sleggje for damer, seier han og siktar til GFIL-jentene Trude Raad og Marthe Rygg Årdal.

Sterk konkurranse

Men lagveninnene må kaste sleggja langt for å ta gullet frå Marit Holm. Ho jaktar den norske rekorden på 69 meter og dermed VM-deltaking.

Trude Raad er dessutan medaljekandidat i både diskos og kule.

Av utøvarar i klubbar utanfor fylket, er tresteghopparen Inger Anne Frøysedal frå Stryn, ein heit gullkandidat. Ho konkurrerer for Oslo-klubben Tjalve.

Eivind Stavang frå Florø kan også ta gull på ein god dag når 100 meter hekk står på programmet.

– Stavang har vore gullkandidat i mange år, men har dei to siste sesongane fått ein sterk konkurrent i Vladimir Vukicevic. Han er bror til meir kjende Christina Vukicevic og har teke sølv i junior-VM. Eivind har stort sett vore bak han i dei løpa der begge har konkurrert i år, seier Heggheim.

Håpar på finale, men...

Men det er fleire damer frå Gloppen som på ein god dag kan ta medalje.

Elin Isane skal avslutte diskoskarrieren sin på heimebane, medan lagvenninna Cecilie Riise Ortner (34) gjer comeback etter seks år.

– Hovudmålet mitt er å klare å komme seg til finalen, og vere mellom dei åtte beste. Får eg kjempeklaff så kan det bli bra, men å spekulere i kor bra dei andre gjer det har eg ikkje lyst til. Vil tilfeldigheitene det, så kan det bli medalje. Men eg reknar ikkje med det.