Hopp til innhold

Seks ting du truleg ikkje veit om Folkeaksjonen Nei til mer bompenger

At Folkeaksjonen Nei til mer bompenger (FNB) går til val for å halde bomstasjonane på eit minimum, er ikkje overraskande. Men at dei vil ha rovdyr på Vestlandet, er det kanskje ikkje alle som veit.

Knut Inge Andersen, Folkeaksjonen Nei til mer bompenger

MOT BOMPENGAR, FOR ULV: Knut Inge Andersen er leiar for FNB i Vestland.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Folkeaksjonen Nei til mer bompenger har feia som ein kraftig vind over Vestlandet. Meiningsmålingar viser at partiet kan bli eitt av dei største i Bergen og Nordhordland.

Øvst på fylkeslista står Knut Inge Andersen frå Fjaler, som i mange år har budd i Hordaland. Han er tidlegare nestleiar i Rogaland Venstre og også vore innom Framstegspartiet. Sidan 2007 har han vore inn og ut av politikken.

Sjølv om motstanden til bomstasjonane står øvst på lista, har partiet også teke stilling til andre politiske spørsmål.

1) Vil de leggje ned vidaregåande skular?

– Vi meiner tilbodet skal vere geografisk spreidd, og like godt om du bur i Sogn og Fjordane eller i meir sentrale strok i Hordaland. Vi ynskjer ikkje fleire privatskular.

2) Vil de behalde tannklinikkane?

– Dei håpar vi skal bestå som dei er. Vi har ikkje noko anna ynskje enn å ha desentraliserte tannklinikkar. Men dei slit med høgt sjukefråvær, ti prosent. Vi må sjå på korleis vi kan få opp effekten av tannklinikkane vi har.

3) Ynskjer de å stoppe Stad skipstunnel?

– Det er eit prosjekt som har gått i mange år. Det har vakse seg stort. Det har vakse seg uhamslegt. Det er i ferd med å teikne seg eit bilete som eit samfunnsøkonomisk lite godt prosjekt. Det er truleg eit ganske stygt naturinngrep lokalt. Vi meiner at dei faremoment som heftar med ein tunnel ikkje kan ha vore nok utgreidd.

– LO vil ha det. NHO vil ha det. Alle politiske parti som så langt har stilt til val i Sogn og Fjordane vil ha det. Men ikkje de?

– Nei, det er 3,5 milliardar kroner som vi ikkje kan seie er godt nok brukte pengar.

(Kystverket meiner at dei kan bygge Stad skipstunnel for 2,7 mrd. kroner. Red.anm)

4) Vil de ha rovdyr i Vestland?

– Det er ein del av den naturlege faunaen. Vi skal unne oss gleda av å ha nokre av desse fire store rovdyra også i Vestland. Vi veit at eit nesten like stort problem er laushundar som eigarar ikkje har styring på. Det er andre problem enn berre ulv og bjørn. Bjørn har knapt nok vore sett på 50 år.

5) Vil de ha bybane mellom Bergen sentrum og Åsane?

– Nei.

6) Heller oftare ferjeavgangar eller utsleppsfrie ferjer?

– At ho går ofte.

Utspørjing av Knut Inge Andersen (FNB).
Teaser

SJÅ VIDEO: Knut Inge Andersen (FNB) vart utspurt av Erlend Blaalid Oldeide.