Ulukka skjedde ved 21-tida, og bilen med dei seks ombord køyrde over autovernet på den rette strekninga. Både politi, ambulansar og brannmannskap rykte ut.
Alle seks vart sende til sjukehus, fire vart lagt inn med lettare skader og to var inne til ein sjekk.
14-17 år
Dei seks var fire jenter i alderen 14 til 17 år og to gutar på 14 og 21 år.Politiet opplyser at det ikkje er mistanke om promillekøyring.
Regna kraftig
Då bilferda stogga hang bilen på rekkverket over ein større bekk som går under europavegen. Politiet kan førebels ikkje seie om farten har vore for stor då ulukka skjedde, men opplyser at det regna kraftig ved 21-tida fredag kveld.
- Bilen var ein vanleg personbil registrert for fem personar, og det ser ut til at det var ein person for mykje i den, opplyste politiet kort tid etter ulukka.