NRK Meny
Normal

Seks tenåringar tekne for hærverk i Høyanger

Fire gutar og to jenter i alderen 14–15 år har i løpet av natt til søndag utført skadeverk på Høyanger vidaregåande skule.

politi illustrasjon
Foto: Kyrre Lien / Scanpix

– Dei har fått tak i nøklar på eit vis, og knust cdar og tagga med sprittusj på golvet. Å ta seg ulovleg inn og gjere skade på eigedom er noko som vi ser alvorleg på, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen.

Saka blir følgt opp av Høyanger lensmannskontor.

To måtte overnatte hjå politiet

I løpet av laurdag kveld og natt til søndag vart også to personar sette i arresten. Ein mann i Florø var overstadig rusa og ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Dermed sette politiet han bak lås og slå over natta.

Like før klokka 03 vart ein mann i 30-åra sett i arresten, etter at han tok seg ulovleg inn i ein garasje i Førde.

Ein mann i 30-åra vart tidlegare på kvelden køyrt heim frå ein utestad i Førde etter at han var uønskt på utestaden.

Politiet har også gjennomført promillekontroll på E39 på Skei i Jølster, alle dei sju som vart kontrollerte bles grønt.

Vegopning på Bergum i Førde kommune