Sjå bilete frå ulukka i Oppljostunnelen
Ein personbil, ein varebil og ein tankbil frå Tine var involvert i ulukka som skjedde inne i Oppljostunnelen på riksveg 15 over Strynefjellet, om lag 100 meter etter innkøyringa på Strynesida.
Fekk sleng
(MMS-foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Ifølgje operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politikammer, Wenke Hope, skal ulukka ha skjedd ved at varebilen fekk sleng og køyrde i tunnelveggen. Personbilen som kom bak svinga ut, og køyrde i fjellveggen på andre sida.
I motsett retning kom ein tankbil som frontkolliderte med begge desse bilane.
Ein fjerde bil køyrde også i fjellveggen, uavhengig av dei andre kollisjonane.
Det var berr vegbane i tunnelen.
Tre ambulansar og to luftambulansar vart sende til ulukkesstaden. Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.29.
Seks skadde
(MMS-foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
I alt seks personar vart skadde i ulukka 1. påskedag. To av dei vart sende til Førde sentralsjukehus, i følgje politiet med hovud- og brotskader. Dei to var medvitne då dei vart henta av Luftambulansen. Akuttmottaket ved sentralsjukehuset opplyser at dei to skadde var ein 53 år gamal mann som hadde moderate skader, og ei 40 år gamal kvinne som var lettare skadd. Dei fire andre vart i følgje politiet sende til legesjekk i Stryn.
Riksveg 15 vart omlag klokka 20 same kveld opna att for fri ferdsel.