Hopp til innhold

Seks mister jobben

Seks tilsette mister arbeidsplassen sin når DNB sin filial på Nordfjordeid vert nedlagt i april. Trass i at DNB sentralt seier dei vil omplassere tilsette, inneber det i praksis at tilsette frå Nordfjord må flytte eller pendle. Banksjef i DNB Sissel Bringeland seier dagen i dag er tung for dei tilsette. – Vi har jo ei god stund visst at det kom til å skje endringar, men det er litt annleis å sjå det svart på kvitt at dette er eit av dei mange kontora som må stenge.