Hopp til innhold

Seks målscorarar i 16-målssiger

Årdal FK vann ikkje mindre enn 16-0 over Florø 2 i 4. divisjon fotball for menn laurdag. Ifølgje Sogn Avis noterte seks spelarar seg for mål for heimelaget. Truls Hovland scora fire mål i løpet av ein halvtime, medan brørne Fredrik Aspeseter Sørli (4) og Johnny Aspeseter Hagen (3) til saman scora sju mål. Dei siste måla vart scora av Christian Stedje, Terje Kvam Øvstetun, Ole Gunnar Bukve Kjødnes.