NRK Meny
Normal

Stiller til val utan parti - 26-åring kan bli ordførar i Hyllestad

Det startar ofte med ein protestaksjon eller ei enkeltsak. Seks upolitiske lister stiller til val i fylket.

 Joakim Systaddal

AMBISIØS: Joakim Systaddal er klar til å innta ordførarstolen i Hyllestad om folket vil det slik. Han er på lista til Samlingslista i kommunen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Medan dei store partia som Arbeidarpartiet og Senterpartiet har store reklameplakatar og haugevis av roser å dele ut i valkampen, er det nokre lokalpolitikarar som klarer seg med langt mindre.

Eg er klar til å ta jobben om eg skulle få tillit til det, seier 26-åringen

Joakim Systaddal

Stiller utan parti

Hyllestad kommune

PROTESTAKSJONAR: Dei såkalla upolitiske listene som stiller til val er ofte starta med bakgrunn i ein protestaksjon. I Hyllestad håpar Samlingslista at dei skal klare å skape vekst i kommunen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Desse politikarane stiller på val i såkalla upolitiske lister rundt om i Sogn og Fjordane.

Ein av dei som har stilt seg sjølv til rådvelde som ordførarkandidat for eit upolitisk parti er 26 år gamle Joakim Systaddal frå Hyllestad, Han har klare mål framføre valet.

– Ambisjonen er å bli ordførar. Eg brenn for Hyllestad, og har kome til det at skal ein vere her og vere engasjert så har eg også lyst å prøve meg i politikken, forklarer han.

Starta i 1991

Lista han stiller til val for, Samlingslista i Hyllestad, er eit av dei lengstlevande i landet.

– Samlingslista utfordrar meg. Og dei stilte med eit godt team i tillegg til meg sjølv som eg har trua på. Grunntanken vår er å arbeide for eit samla Hyllestad.

Den unge ordførarkandidaten har aldri vore medlem av noko politisk parti.

Samlingslista er éi av seks upolitiske vallister ved haustens kommuneval i Sogn og Fjordane.

Den er unik fordi den fyller 20 år i år. Og det heile starta som ei enkeltsak på grunn av ei sak om skulenedleggjing

Joakim Systaddal

(artikkelen held fram under biletet)

Tore Bråstad

GJEV SEG: Ordførar i Hyllestad, Tore Bråstad, gjev seg etter fire år i stolen. Han trur at Samlingslista har ein reell sjanse til å få folk i kommunestyret.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Har berre fire val i Hyllestad

For veljarane i Hyllestad står det berre mellom 26 år gamle Systaddal si liste, og tre andre. Ap, Sp og Høgre.

Dei upolitiske vallistene er ofte tufta på ei kampsak, som sjukehus, grendeskule, eller dei er reine bygdelister.

Dei fleste listene overlever berre ein eller to valperiodar, før dei forsvinn.

Men Samlingslista i Hyllestad skil seg ut. Den står på val for femte gang.

Unik liste

– Den er unik fordi den fyller 20 år i år. Og det heile starta som ei enkeltsak på grunn av ei sak om skulenedlegging. Det vart ei tverrpolitisk samansetning, og det har vist seg at det er behov for at ei liste kan representere heile kommunen, seier han.

Ei av sakene som er på dagsorden ved årets val er fråflytting.

– Hyllestad har fleire utfordringar, og vi slit med fråflytting. Som ung håpar eg at vi kan gjere nokre politiske grep slik at andre kan flytte tilbake til Hyllestad, seier Systaddal.

Samlingslista hadde varaordførar

– Opplever du at du får påverke i kommunen?

– Vi har vore ein del av kommunestyret heile vegen med fleire representantar. Vi har også hatt varaordførar i ein periode. Så Samlingslista har klart påverka, meiner den unge ordførarkandidaten

Den sitjande Senterpartiordføraren i Hyllestad, Tore Bråstad, meiner lista har overlevd så lenge mellom anna på grunn av gode kandidatar

– Dei har vel hatt ein del gode kandidatar og hatt partiprogram som har gjort at dei har fått inn personar i kommunestyret.

(artikkelen held fram under biletet)

 Joakim Systaddal

BLIR UTFORDRA: Joakim Systaddal er glad for å vere på Samlingslista og seier han vert utfordra og engasjert av dyktige folk på lista.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Sankar veljarar med populisme

Bråstad trur samlingslista har vunne veljarar på den han kallar populistiske standpunkt som motstand mot eigedomsskatt.

Og ordføraren meiner partiet er blir ein reell utfordrar for Senterpartiet.

– Eg trur dei har ein reell moglegheit for å skaffe seg makt ja, seier Bråstad som sjølv gjev seg som ordførar etter fire år i stolen.

– Men hadde du helst sett at dei var i eit vanleg parti?

– Ja, vi har såpass stor variasjon i partia i Norge, så det må vere mogleg å finne eit parti som har saker ein brenn for.

Seks lister utan parti

Gunnvor Sunde

MINDRE ENN VENTA: Gunnvor Sunde tok initiativ til Samfunnsdemokratane. Dei har ikkje klart å samle så mange som dei hadde ambisjonar om.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Til saman seks upolitiske lister stiller til val i Sogn og Fjordane.

I Solund kallar ei liste seg Puls, politisk uavhengig liste for Solund, i Selje har utbrytarar frå Ap starta eiga liste etter sjukehusvedtaka i Nordfjord.

Og Florø demokratiske solidaritet, som fekk inn representant i bystyret førre val, stiller også i år liste og kjempar taparane si sak.

Protestlister

– Det ligg nok veldig ofte element av protest i slike lister, også for dei som stemmer på desse partia. Og dei vert gjerne oppretta som ein protest, seier Eldgrim Fossheim, politisk kommentator i NRK Sogn og Fjordane.

Størst merksemd framfor årets val har Ap-utbrytar Gunvor Sunde sitt partiprosjekt Samfunnsdemokratane fått.

Det nystarta partiet rakk ikkje fristen for å bli registrert som eige parti til årets val, og blir derfor rekna som ei upolitisk valliste.

Store ambisjonar

Eldgrim Fossheim

KAMPSAKER: - Det startar ofte med ei kampsak eller eit stort engasjement for ei enkelt sak. Deretter stiller folk på upolitiske lister, seier Eldgrim Fossheim, politisk kommentator i NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Gunnvor Sunde stiller berre i Gloppen og til fylkestinget. Det er mindre enn det dei hadde ambisjonar om. Dei hadde nok håpa at dei skulle hatt fleire kommunar og oppslutninga på lista vart nok mindre enn dei rekna med. Det enda med desse to listene. Dei samlar nok ikkje så veldig breitt vil eg tru, seier Fossheim.

Etter 12. september vil vi vite kven som har lukkast i valet. Men Joakim Sysstaddal i Hyllestad er klar til å innta ordførarstolen om veljarane vil det slik.

– Eg er klar til å ta jobben om eg skulle få tillit til det, seier 26-åringen.

Fjord1-røysting i Fylkestinget

VIL PÅ TINGET: 12.september er det veljarane si stemme og vilje som tel. Kven som endar på fylkestinget og i dei mange kommunestyra i fylket vil då vise seg.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.