Hopp til innhold

Seks kommunar får prøve catskiing

No er det bestemt at seks norske kommunar får lov til å bruke beltevogn til å frakte skituristar opp i fjellet frå neste sesong. Dei seks kommunane jublar, men DNT likar det ikkje.

Catskiing

BELTEVOGN: Å bruke ein slik beltebil er ein av måtane ein kan drive med såkalla catskiing i fjellet.

Foto: creative commonms

– Dette var ein fantastisk god nyheit. No kan vi planleggje for catski-tilbod frå neste sesong, seier Nina Lensebakken, dagleg leiar ved Stryn Sommerski til avisa Fjordingen.

Det som på engelsk blir kalla for «catskiing» tyder at ein brukar motoriserte køyretøy til å frakte skikøyrarar opp i fjellet. Det kan vere tale om både snøskuterar og beltevogner, og poenget er å kunne køyre i fjellterreng utan å måtte gå opp for eigen maskin.

Det er regjeringa som har sett i gang eit prøveprosjekt for å la nokre få kommunar tillate aktiviteten, som i dag ikkje er lov.

No har miljødirektoratet sendt ut brev til seks kommunar, og invitert til informasjonsmøte i byrjinga av juni. Dei seks kommunane er Jølster, Eid, Surnadal, Vang, Oppdal og Stryn.

Hayley New Years Day Nirvana 2

KJEM SEG PÅ FJELLET: Poenget med å bruke beltevogn eller snøskuter er å kome seg raskare på fjellet, slik at ein kan stå p åski ned.

Foto: Alain Slaigher

Trur det vil setje kommunen på europakartet

Ordførar Alfred Bjørlo (V) er strålande fornøgd med vedtaket, og for at hans eigen kommune Eid er ein av dei seks som får prøve skikøyring med beltevogn. Han trur at aktiviteten kan bidra til å setje kommunen hans og skisenter Harpefossen på europakartet.

– Dette har det vore jobba knallhardt med i seks år no, og det er veldig gledeleg at vi no får dette positive svaret. Catskiing er noko dei har drive med i Amerika og Canada lenge, og eg har veldig trua på det, seier Bjørlo.

Alfred Bjørlo ved Firda kaserne på Nordfjoreid

NØGD: Alfred Bjørlo er strålande fornøgd med at Eid er ein av dei utvalde kommunane.

Foto: Privat

– Øydelegg dei gode naturopplevingane

Sjølv om både ordførarar og skisenter no er strålande fornøgde med miljødirektoratet sitt vedtak, er det ikkje berre god stemning. Den Norske Turistforening (DNT) meiner at det er veldig dumt at regjeringa har opna for denne nye forma for skiturisme.

– Noko av det som er bra med Noreg er at vi kan nyte naturen heilt fritt, utan å bli forstyrra av lydar utanfrå. Vi trur folk har nok med dei lydane som er i naturen frå før, og at dei ikkje vil ha motorisert ferdsle inn i naturen, seier kommunikasjonssjef Mette Øinæs Habberstad i DNT.

Mette Øinæs Habberstad

KRITISK: Mette Øinæs Habberstad i DNT er kritisk til at seks kommunar no får prøve catskiing.

Foto: Den Norske Turistforening

Men kan ikkje dette gjere fjellet tilgjengeleg for endå fleire folk?

– Eg trur ikkje det. Eg trur at dei som driv med catskiing allereie er veldig aktive skikøyrarar som går mykje i fjellet. Å ta med seg motorlydar ut i naturen vil tvert om føre til at fjellet blir mindre tilgjengeleg for dei som vil ha naturen slik han er, seier Habberstad.

– Dette er berre skremselspropaganda. Catskiing skal berre vere lov i det som allereie er regulert som skisenter, og DNT kan gå på tur på alle andre fjelltoppar i landet, kontrar Eid-ordførar Alfred Bjørlo.