Fundo blir no pressa stadig lenger opp i eit hjørne av kreditorar som er leie av å vente på pengane sine. Hydro har over førti millionar kroner uteståande hos Fundo, og dei leverer metall for ein halv million kroner dagleg.
I går hadde Hydro fått nok. Dei gav beskjed om at dersom dei ikkje fekk garanti om betaling, ville leveransane stoppe klokka tolv. Kjartan Longva fekk tigga seg til ein frist fram til klokka to, og klokka eitt fekk han bankane og SND med på å garantere for fem millionar kroner til å betale Hydro med.
Heilt sidan førre onsdag har Kjartan Longva kjempa desperat for å halde Fundo unna skifteretten, og fredag fekk han stoppa ein konkurs då bedrifta var på veg til skifteretten.
Men sjølv om Longva fekk stoppa krisa på fredag, og sjølv om bankane no betaler for metall fram til måndag, betyr ikkje det at faren er over.
For det er nok av andre kreditorar som ikkje har fått betalt på lenge, og som når som helst kan gå til skifteretten og begjære Fundo konkurs.
Men det er tvilsamt om det skjer. For kva skulle dei ha å tene på det? Blir Fundo slått konkurs, stikk bankane av med det dei har pant i, og så er det høgst sannsynleg ingen ting igjen. For mange lokale bedrifter ville det bety at dei kunne vinke farvel til mange millionar kroner. For dei fleste av dei er det sannsynleg at det rett og slett ville bety kroken på døra.
Likevel er det ikkje umogleg at det er det som vil skje. Bankane har gjeve klart uttrykk for at dei ikkje vil strekkje seg ein millimeter lenger. Skal bedrifta overleve måndagen, må eigarane stille opp og skyte inn meir pengar. Men ingen veit heilt kvar eigarane står. Dei held seg i London, og let seg representere i Oslo av ein advokat. Heller ikkje Kjartan Longva veit kva planar Al Zayanifamilien har.
Hamid Rashid Al Zayani, som representerer eigarane i styret, seier til NRK Sogn og Fjordane at dei arbeider med forskjellige løysingar, men at han ikkje kan seie noko meir konkret enn det. Det er det same som han sa førre torsdag, dagen før advokaten hans var på veg for å levere Fundo til skifteretten.
Og dersom ikkje arabarane innan måndag klarer å skaffe eit beløp i femtimillionarsklassen å skyte inn i bedrifta, er bankane og Hydro krystallklare - då går bedrifta konkurs.
Men sjølv om ein konkurs vil ramme underleverandørar og kreditorar hardt, er ikkje alt håp for dei 380 arbeidsplassane ute.
I det Fundo formelt blir slått konkurs, er det ein bustyrar som overtek all bestemmelsesrett over bedrifta. Og hans oppdrag er klart, nemleg å gjere buet om til mest mogeleg pengar som skal fordelast blant kreditorane. Då vil han få valet mellom to framgangsmåtar: å selje tomter, bygg og maskiner enkeltvis, eller selje heile bedrifta til den som er villig til å kjøpe. Så sant han får eit bod på bedrifta som er høgre enn det han vil få viss han slaktar buet, er det soleklart at han vil selje.
For ein eventuell kjøpar er det då to ting som er avgjerande. For det første at overtakinga går fort, slik at bilfabrikkane ikkje får panikk og flyttar kontraktane sine. For det andre, at leverandørane held fram med å forsyne fabrikken, slik at ikkje produksjonen stansar opp.
Det som no ser ut til å skje, er at Kjartan Longva har skaffa seg eit pusterom, slik at han kan få på beina ein konstellasjon som er i stand til å hoppe inn og overta Fundo, om konkursen vert eit faktum.