Hopp til innhold

Seks aviser har lågare opplagstal

To av åtte lokalaviser gjekk fram i 2016. I Firdaposten trur dei langvarig digitalt arbeid endeleg har lønt seg.

Firda og Firdaposten

FRAM OG TILBAKE: Firda og Firdaposten opplevde framgang i 2016. Dei andre lokalavisene hadde tilbakegang i opplaget.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Går ein 15 eller 20 år tilbake i tid, så gledde ein seg over å styrke seg på vegner av konkurrenten. No håpar eg heile bransjen får oppleve det same som vi, seier redaktør i Firdaposten, Svend Arne Vee.

Svend Arne Vee

DELER: Før heldt redaktørar og redaksjonar korta tett til brystet om suksessar, det har endra seg, meiner Firdapostenredaktør, Svend Arne Vee.

Foto: Dag Frøyen, Firdaposten

Opplagstala for heile avisbransjen vart presentert i dag, og for Vee var det gledeleg lesing med litt over ein prosent auke i totalt opplag. Også Firda går fram med nær ein prosent, det er første gong dei ser positive tal på 15 år.

– Dette kjem etter nokre år der det har gått andre vegen, så det syner at vi gjer noko riktig. Vi har klart å få fleire digitale abonnentar, sjølv om det blir færre på papir. Vi får att for den digitale satsinga og håpar vi kan halde fram med den, seier Vee.

Nye konkurrentar

I andre enden av skalaen ligg Fjordenes Tidende som går tilbake 3,7 prosent.

– Det er mange andre tilbod no, og folk har fleire måtar å orientere seg på. Dei yngre er vanskelegare å få med, sjølv om vi rettar tilbod inn mot dei, seier redaktør Erling Waage.

Erling Wåge

UTFORDRANDE: I 2015 satsa Fjordenes Tidende for fullt digitalt, men nedgangen i opplag har ikkje samanheng med dette, trur redaktør Erling Waage.

Foto: odd l. drabløs

Medan kampen før stod mellom avisene kjempar dei i dag om folk si tid. Kampen står i stor grad mot store internasjonale aktørar som Facebook, Instagram, Snapchat og andre sosiale medium og kanalar. For mange av avisene er det den digitale satsinga som har kapra lesarar. Vee trur det har skjedd ei haldningsendring hjå lesarane.

– Vi ser at lesarane våre i større grad enn før forstår at dei må betale for redaksjonelt innhald. Vi ser vinsten av det no.

Også i Fjordenes Tidende er det optimisme å spå. Ved inngangen av 2017 har dei fleire abonnentar enn dei to føregåande åra.

– Lokalavisene vil ha ein sterk posisjon i framtida. VI er dei lokale vaktbikkjene, som er på politiske møter, er i offentlege protokollar og vi er ein viktig kulturformidlar og mange brukar oss også til å ytre seg i, seier Waage.

Vi er hos Firda media i Førde der vi snakker med redaktør, nyhetssjef og journalister i Firda om oppsving etter at opplagstallene ble presentert for 2016. Hos BT i Bergen, snakker vi med sjefsredaktør Øyulf Hjertnes om en liten nedgang i opplag hos Bergens Tidende.