Hopp til innhold

Seks av ti vil skrote «Norges raraste kommune»

MÅLØY (NRK): Motstanden mot Kinn kommune har aldri vore større. Seks av ti personar i Vågsøy seier nei til samanslåing.

Kinn kommune

DELT I TO: Bremanger kommune delar nye Kinn kommune i to. Dette kan bli den einaste kommunen i landet med delt kommunesenter.

I ei fersk meiningsmåling gjort for NRK, Fjordenes Tidende og Firdaposten seier 62 prosent av innbyggjarane i Vågsøy nei til Kinn kommune. 31 prosent seier ja.

Kommunane Vågsøy og Flora har bestemt at dei skal slå seg saman til Kinn kommune. Motstandarar har kalla den for «Norges raraste kommune» fordi den ikkje heng saman. Den nye kommunen vert delt i to av ein tredje kommune, Bremanger, som ikkje ville vere med på noko samanslåing.

Størst motstand mot Kinn kommune er å finne blant dei over 60 år i Vågsøy, der 67 prosent svarar at dei er mot samanslåinga. Dei som er mest positive til samanslåinga, finn ein i aldersgruppa mellom 30 og 44 år. Der svarar 36 prosent at dei er for Kinn.

– Vi skal fortsette arbeidet

Motstanden mot Kinn har vore stor heilt frå starten av i Vågsøy. Då kommunen sjølv gjennomførte ei innbyggjarundersøking, svarte 55 prosent at dei var imot, og 31 prosent svarte at dei var for samanslåinga. Vågsøy-ordføraren tek nye meiningsmålinga med stor ro.

– Det har vore ein krevjande situasjon, men no skal vi fortsette arbeidet med å etablere Kinn kommune. Dette fekk vi klar beskjed om frå kommunalministeren, seier Kristin Maurstad, som er ordførar i Vågsøy (Ap).

– Mistar du trua på Kinn når ein får desse tala?

– Nei, det gjer eg ikkje. Eg vil minne om at Stortinget har vedteke Kinn kommune, seier Maurstad.

Maurstad

MISTAR IKKJE TRUA: Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad seier ho ikkje har mista trua på Kinn kommune.

Foto: FREDRIK HELLAND / NRK

Ei sterk mobilisering gjorde at kommunestyret i Vågsøy vedtok å halde ei folkerøysting om Kinn kommune, sjølv om Stortinget allereie har vedteke å slå saman Flora og Vågsøy frå 2020. Varaordførar i Vågsøy, Nils Myklebust (Sp), har vore ein klar motstandar av samanslåinga.

– Dette resultatet overraskar ikkje meg. Dette er ikkje eit nei til Kinn, men eit ja til Vågsøy, seier han.