Sekk med motor skal få folk ut i naturen

Denne motoriserte sekken er eigentleg eit «leiketøy» laga i Rogaland. No vil ein gründer gjere sekken om til eit hjelpemiddel som får rørslehemma ut i naturen.

Hjelpemiddel for funksjonshemmede

UT PÅ TUR: Denne motoriserte sekken kan bli eit hjelpemiddel for rørslehemma

– Vi skal lage eit produkt for rørslehemma slik at dei kan komme seg ut i fjellet og i terrenget, seier gründer Thomas Falch Eide.

Han er dagleg leiar i Hjelpemiddelpartner på Sandane i Sogn og Fjordane. Sekken er utstyrt med ein motor som gir deg skyvekraft.

Støtte frå Innovasjon Norge

Firmaet har ifølge Thomas Falch Eide, hovudfokus på velferdsteknologi og løysingar som ikkje finst i Noreg frå før.

No har dei fått 430 000 kroner i støtte frå Innovasjon Norge og 100 000 frå Gloppen kommune.

Pengane skal dei mellom anna bruke til å knyte seg til eit gründermiljø innanfor helseteknologi, ifølge Thomas Falch Eide.

– Det betyr utruleg mykje for oss å få desse pengane. Det betyr at vi kan realisere prosjekta våre. Og dei pengane vi allereie har brukt kjem til gode for dei som treng det mest, seier Falch Eide.

Hjelpemiddel for rørslehemma

PETTER SMART: Sekken har motor som skal gje skyvekraft framover.

Handikapforbundet er positive

Forbundsleiar Arne Lein i Norges handikapforbund seier det er viktig for dei at fleire kjem seg ut i naturen.

– Om ny teknologi kan hjelpe til med dette er det veldig bra. Teknologi kan gjere livet enklare for mange, seier Arne Lein.

Dei er likevel nysgjerrige på korleis den motoriserte sekken vil fungere i praksis.

– Vi er ikkje minst nysgjerrige på om den vil ta vare på «balansekravet» som mange rørslehemma vil stille, seier Lein.