Hopp til innhold

Seismikkselskap etablerer seg i Florø

Seismikkselskapet PGS Geophysical AS etablerer seg i Florø med eit stort lager som kan skape mange arbeidsplassar på Fjordbasen.

Ola Teigen vart overraska over at kystradioen skal leggast ned.

NØGD: Ordførar Ola Teigen er strålande nøgd med nyetableringa i Florø.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Dette kan bety eit nytt toppunkt for Fjordbasen, seier ein strålande fornøgd Flora-ordførar Ola Teigen (Ap).

Det er Firdaposten som i dag skriv at det internasjonale selskapet som driv med seismikkskyting skal etablere sitt hovudlager i kystbyen.

Det betyr at skip med ei lengde på meir enn 100 meter skal leggje til kai på den vestlege delen av Fjordbasen. Her vil det kunne bli skapt arbeidsplassar både direkte knytt til seismikkselskapet, og hos underleverandørar i Florø.

– Det er ei veldig gledeleg nyetablering som kan bety mykje for Florø som industriby, seier Teigen.

Kor mange arbeidsplassar er det tale om?

– Eg har ikkje peiling. Det er for tidleg å seie, men det vil skape mykje aktivitet, det er heilt sikkert.

Fjord Base, Botnaneset i Florø

BØLGEDALAR: Aktiviteten ved Fjordbasen i Florø har gått i bølgedalar. No håpar ordførar Ola Teigen at ein kan nå ein ny topp.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Har hatt nedturar

NRK har ikkje lukkast å kome i kontakt med selskapet PGS eller leiinga ved Fjord Base torsdag kveld.

Ordføraren fortel at nyetableringa er særleg gledeleg sidan Florø har hatt fleire nedturar sidan oljeprisfallet i fjor.

– Vi har eigentleg hatt ein lang nedtur no, så denne oppturen treng vi.